Skriv bok til foreldre
Då Guro Hoftun Gjestad skreiv kommentaren «Kjære storbarnsforeldre» i VG, eksploderte det: Artikkelen vart delt 105.000 gonger i sosial medium. No er boka klar.
«Storbarnsliv» heiter den 340 sider tjukke boka som i desse dagar er i bokhandelen. Her har journalisten og forfattaren Guro Hoftun Gjestad bygd vidare på det som tente så mange i VG-kommentaren. Dels fortel ho om eigen erfaring med ungdommar i hus og på veg ut i den stor verda, dels er det andre foreldres erfaringar me møter. Genren er litterær sakprosa, og boka blir gjeven ut på forlaget Oktober.
– Det er ikkje ei bok der ekspertar fortel korleis ein skal snakke med ungdom. Eg har teke utgangspunkt i at folk er ekspertar i sine eigne liv, fortel Guro Hoftun Gjestad som ynskjer at boka kan trøyste litt og støtte litt. Kan hende er ikkje familien så dysfunksjonell som ein enkelte gonger kjenner på. Guro har sjølv hatt den kjensla. Reaksjonane på VG-kommentaren synte tydeleg at dette er tema mange er opptekne av.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det kom mailar frå fjern og nær, og folk stoppa meg på gata. Boka har vakse ut frå det som vart tent i den kommentaren, fortel forfattaren.
Frustrasjon og bekymring
Foreldre frå Guros eigen barselgruppe tok kontakt og fortalde om frustrasjonen med ein rebell-son. Ei annan var bekymra for dottera som sleit med spiseforstyrring. Sjølv om det ikkje var planen frå start, fann Guro ut at ho også måtte fortelje om eigne erfaringar. Slik har boka blitt ein miks av historier og tankar omkring foreldrerolle og det å ha ein ungdom i hus. Og i tillegg har ho snakka med ekspertar.
Ekspert frå Gol
Guro Hoftun Gjestad voks opp på Gol og har i dag hytte på Golsfjellet. Her har ho brukt mykje tid i løpet av skriveprosessen. Og Hallingdal har også fått sin plass i «Storbarnsliv».
- Eg har snakka mykje rådgjevar Kari Beate Lilleaas på Gol vidaregåande skule. Eg hadde henne sjølv som lærar, og ho har og gjennom åra opparbeidd seg solid tyngde som rådgjevar og lærar og i det å stå så tett på denne ungdomsgruppa.
– Kari Beate er ein av ekspertane mine, fortel Guro Hoftun Gjestad.
Ho vart også med i ein norsktime på Gol der elevane skulle tolke diktet «I am nobody» av Emily Dickinson.
– Elevane knytte teksten til Facebook, Instagram og andre sosiale medium. Korleis dei ser alle andre, og kor vellykka alle andre er. Det var kjempespennande, fortel Gjestad.
Mange vegkryss
Sjølv er ho oppteken av å syne at livet har mange val, ikkje berre det eine store ein skal gjera etter vidaregåande skule.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg kontakta min eigen klasse og fekk mange tilbakemeldingar på korleis dei hadde snubla seg rundt og kome dit dei er i dag. Ungdom blir sveitt av det store valet dei skal gjera etter vidaregåande, men livet har så mange snarvegar, omvegar og vegkryss. Det er ikkje eitt vegkryss slik det ofte kan bli framstilt, seier Gjestad.
Ho brukar også farens historie som eksempel på det. I kapittelet Månelandingen fortel ho korleis faren som sjette gut i rekkja tok over garden, men mistreivst som bonde. Samtidig med den berømte månelandinga tok Harald Hoftun valet og endra kurs frå gardsdrift til camping. Livet har så visst fleire vegkryss og mange val.
Tett oppfølging
– Synest du foreldre i dag bekymrar seg for mykje over ungdommane sine?
– Eg trur nok også mor mi var bekymra for meg. Men eg trur foreldre i dag følgjer ungane mykje tettare. Det har med velferdssamfunnet å gjera, me har tid og råd til å gjera det. Blant anna derfor trur eg ungdommar blir ein del av familien mykje lengre. Iallfall i Oslo er det vanleg at ungdommen held fram å bu heime etter vidaregåande. Det varte eg svært overraska over, kanskje er det eit byfenomen? spør Gjestad.
No er boka i handelen, og Guro Hoftun Gjestad kjem også til Hallingdal for å fortelje om boka. Det skjer på Gol bibliotek 20. november der temaet også er dei to skjønnlitterære bøkene hennar og på Bokmessa i Ål kulturhus dagen etter.