Joseph Angyal og Brageteatret turnerer med «Ørkenbrevet.
Joseph Angyal og Brageteatret turnerer med «Ørkenbrevet.

- Sjølvbiografien Jesus ikkje rakk å skrive

Ein heimlaus omstreifar spelar Jesus i monologen «Ørkenbrevet».

Fredag kjem Brageteatret til Geilo kulturkyrkje og tysdag er Skjønne kirke i Nore og Uvdal stoppestad for framsyninga «Ørkenbrevet».

Regionteateret for Buskerud tilbyr monologen, basert på Göran Tunströms nok om Jesu barndom og ungdom sett frå eit anna perspektiv enn det me kjenner frå bibelhistoria.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me Følgjer Jesus frå han var liten gut, møtet med Johannes, kjærleiken, opprører mot foreldra og tida i klosteret der han studerte til prest.

– Ørkenbrevet er sjølvbiografien Jesus ikkje rakk å skrive, seier den svenske forfattaren.

I Brageteatrets tolking blir historia fortalt av ein omstreifar, spelt av Terje Hartviksen. Hans blinde følgesvenn med fiolinen blir spelt av Brageteatrets musikar Joseph Angyal.