Sit heime og søk i Hol bygdearkiv
Spennande! Og på tide! Seier bygdearkivar Bjørn Furuseth når Hol bygdearkiv no finn sin plass på internett.
Frå torsdag 22. desember er Hol bygdearkiv å finne på museumsportalen Digitalt Museum, ein portal som samlar 89 av landets museum og arkiv. Her finst både stort og smått, t.d. Norsk Folkemuseum, Norsk Jernbanemuseum, Norsk Maritimt Museum, Norsk Teknisk Museum og altså ei rekke andre offentlege og private arkiv, museum og samlingar.
Heile dalen
Hol bygdearkiv er først og fremst eit fotoarkiv, som i første omgang har gått inn i den nye nettportalen med 2–3000 bilete frå heile Hallingdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er generelle bilete, det er folk, landskap, samferdsel og portrett, og frå dei fleste kommunar i Hallingdal, seier Bjørn Furuseth.
Hol bygdearkiv har i alt om lag 80.000 bilete, og med tida vil alle desse bli lagt ut.
– Med unntak av bilete som me av personvernomsyn må halde attende, t.d. private bilete frå private album som bygdearkivet har fått opp gjennom åra. Her kan det vere ein balansegang mellom offentlege og private omsyn, seier Furuseth.
Digitalisering
Mesteparten av bileta i Hol bygdearkiv er negativ og glasplater, dels attende til 1860-talet. Det er i dei siste åra gjort eit stort arbeid med å digitalisere samlinga, d.v.s. avfotografere bileta og gjere dei om til digitale filer som kan leggjast inn i søkbare arkiv. Dette arbeidet held fram, og resultatet vil vise seg gjennom stadig fleire bilete i Digitalt Museum.
Heile basen
– Det fine med Digitalt Museum er at publikum kan søke etter bilete, og at søket vil omfatte heile databasen. Dersom ein person søkjer eit bilete av t.d. Hol gamle kyrkje, er det ikkje berre Hol bygdearkiv sine bilete som vil dukke opp, men alle bilete av kyrkja som måtte finnast i Digitalt Museum.
Bestille
Ved eit søk i Digitalt Museum vil det til kvar art bilete finnast ei epostlenke. Her kan folk bestille eit bilete direkte frå den samlinga som eig biletet. Pris vil avhenge av bruk.
– På sikt vil det kome ein funksjon der ein brukar vil kunne laste ned biletet direkte frå nettet til eigen datamaskin i A4-størrelse, og med trykkvalitet, seier Bjørn Furuseth.
For tur
I første omgang er det eit assortert utval bilete som er lagt inn i Digitalt Museum. No står det flyfoto frå Hol kommune for tur, deler av samlinga etter Sigvat Tveito, Ål, og deler av samlinga til Lars Bry.
Artikkelen held fram under annonsen.
Lettare
– Gamle bilete fengjer, og interessa er stor. Det viser seg på mange måtar. Men terskelen for å kome hit til Hol bygdearkiv er ofte høg for mange. Eg trur difor at ei slik biletsamling på internett kan gjere at folk si interesse aukar, og at det blir lettare for dei å sjå eller bruke dei verdfulle bileta som finst i samlingane.
Opplysningar
– Dessutan vonar eg at folk som ser på bileta på nettet, kan hjelpe oss med tilleggsopplysningar der dette manglar. Det kan vere at folk kjenner att personar, gardar og stader som ikkje har kome med i dei registrerte opplysningane, seier Furuseth.
Vil ha meir
Han ønskjer seg stadig fleire bilete til Hol bygdearkiv, og gjerne frå vår nære fortid.
– Hugs på at det faktisk er 40 år sidan 1970. Tida går fort, og me manglar bilete frå 1960- 70- og 80-talet. Dette vil me gjerne ha. Og me veit det finst der ute, seier Bjørn Furuseth.
På nettet
Digitalt Museum finn du på nettadressa www.digitaltmuseum.no
Hol bygdearkiv har ei biletsamling på 80.000 bilete som spenner over tida frå ca. 1860 til 1960. Desse fotografane er representert:
Torbjørn Trøgathon.
Olav S. Reinton.
Sverre Reinton.
Arne E. Grøvo.
Lars Bry.
Lars K. Ødegård.
Sigvat Tveito.
Pluss flyfoto frå Fjellanger Widerøe.
Digitalt Museum
I Digitalt Museum finn ein m.a.:
Norsk Folkemuseum (med samlinga til Anders B. Wilse).
Hedmarksmuseet.
Norsk Jernbanemuseum.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Norsk maritimt Museum.
Norsk Oljemuseum.
De norske skolehistoriske samlinger.
Norsk Industriarbeidermuseum.