Sigmund steppa inn
Utan organist låg det an til å bli ei «stille» julegudstenest i Nes fjellkyrkje. Men då steppa Sigmund inn.
I staden for orgelmusikk var det trekkspelet til pensjonert målarmeister Sigmund Haraldseth som fylte det vesle kyrkjerommet.
I ei fullsett kyrkje på Ranten i Nes-fjellet sat han framme ved døypefonten og sørga for at forventningsfulle og festkledde kyrkjegjengarar fekk tonefølgje.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Takk, Sigmund
– Takk for at du stiller opp, Sigmund. Utan deg hadde det vorte A cappella her i dag, sa sokneprest Bente Hellstrøm Nyseth då ho ønskte alle velkommen til gudstenest julaftan.
Med ein indisponert organist var det fleire som måtte trå til i kyrkjene i Nes og Flå. Sigmund Haraldseth vart headhunta på kort varsel til å spele i fjellkyrkja på trekkspelet sitt.
– Eg har også spelt her nyttårsaftan ein gong, smiler Sigmund, etter ei fin og stemningsfull gudstenest midt i vintereventyret.
– Litt ekstra, då
Men å sørge for musikken i kyrkja på julaftan var ei ny erfaring.
– Det er jo litt ekstra det, då, og så var det morosamt at det kom så mykje folk. Det var jo full kyrkje.
Sigmund er ingen nybegynnar. Musikken var derfor i trygge hender. Trekkspelet har vore med han heile livet. Han stiller opp og spelar på forskjellige arrangement. Men ikkje til dans.
– Artig
– Eg har spelt på mange juletrefestar, eg skal forresten spele på juletrefest ut på nyåret, seier han.
– Utan deg ville det ha vorte stussleg i dag, seier soknepresten, og hastar vidare til gudstenesta i Nes kyrkje.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er artig å kunne hjelpe til, svarar Sigmund, og pakkar saman utstyret.