Tor Egil Buøen.
Tor Egil Buøen.

Seks om kulturhuset

Me har spurt seks hallingar kvifor dei er ivrige brukarar av Ål kulturhus.

1. Kvifor brukar du Ål kulturhus?

2. Di største oppleving?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva er draumeframsyninga?

4. Korleis bør huset utvikle seg vidare?

Tor Egil Buøen (47), Flå

1. Det er det nærmaste kulturhuset med eit variert program av høg kvalitet. Med hytte på Ål så ligg det dessutan til rette for kinobesøk i vinterferie og påske.

Anne Kari Hanserud.
Anne Kari Hanserud.
Gudrun Bøthun.
Gudrun Bøthun.
Turid B. Ekeberg.
Turid B. Ekeberg.
Odd Oleivsgard.
Odd Oleivsgard.
Ingjerd Almås Anfinset.
Ingjerd Almås Anfinset.

2. Det er vanskeleg og velje, men eg hugsar godt eit konsert med Vamp i 1998. Elles var den siste konserten med Stein Torleif Bjella glitrande. Eg har hatt stor sans for amatøroppsetjingar som Den spanske flue og Haugarock.

3. Det må bli Peer Gynt.

4. Eg tykkjer at kulturhuset har utvikla seg i takt med tida dei siste åra. Det er fantastisk at eit kulturhus i utkanten kan skilte med så mange kjende kunstnarnamn, teaterstykke og konsertar. Hald stø kurs. Det blir spennande å sjå om folk går på kino om 20 år.

Anne Kari Hanserud (46), Nes

1. Det har opp igjennom åra vore eit variert program, med mykje bra for både barn og vaksne. Det er kjekt å kunne sjå og høyre flotte konsertar og oppsetjingar i nærmiljøet vårt.

2. Eg har vore på mykje bra både saman med barna og som vaksen. Riverdance-framsyninga for ein del år sidan var super.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Det er vanskeleg å seie, men om det hadde vore mogleg, så hadde det vore flott å sjå Nøtteknekkeren før jul.

4. Eg har ikkje nokon klar meining om det, men hald fram med eit variert program som fengjer ei brei brukargruppe. Gode oppsetjingar for barn dreg både unge og eldre til storstova.

Gudrun Bøthun (77), Gol

1. Det er så mange store framsyningar og teater, ja rett og slett stor kultur. Og så er det triveleg der.

2. Kringkastingsorkesteret og Kvarts var heilt vannvittig bra. Frikar er jo flott, for ikkje å prate om alle framsyningane med lokale utøvarar, slik som nyttårskonsertane.

3. Operaen «Den skjønne Helena» hadde eg eit forhold til i min ungdom. Den er både fin og morosam.

4. Det er bra no, men det må jo utvikle seg vidare. Kanskje med moglegheiter for meir opplæring, innan dans og musikk.

Turid Berglund Ekeberg (53), Hemsedal

1. Eg er avhengig av levande kulturopplevingar, og kunne neppe budd i Hallingdal over lengre tid utan kulturhuset.

2. Det har vore så mange gode opplevingar. Kulturhuset er veldig flink til å få spennande og flotte teaterframsyningar og konsertar til dalen. Ikkje minst tilbyr dei også smalare ting, som moderne dans. Frå i haust kan eg nemne konserten Damer i blues, som gav både ei flott intimkonsertoppleving med gode musikarar, og for meg ny kunnskap om damenes rolle i bluesens barndom. Nokre av dei beste opplevingane mine har vore små framsyningar innanfor sjangrar som eg ikkje har hatt noko særleg forhold til frå før.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Eg såg eit forrykande Kung Fu-show i Beijing i sommar, som går for å vera eit av verdas beste.

4. Fortsetje med å tilby eit variert program, og ikkje minst noko som gir oss høve til å oppleva noko nytt og uventa. Samt utvikle planane om ei klubbscene, for det er ikkje alle arrangementa som passar like godt i storsalen.

Odd Oleivsgard (73), Ål

1. Det er så mykje bra der at eg slit med å velje vekk noko.

2. Fyrst og fremst Riksteatrets «Lang dags ferd mot natt», med blant andre Liv Ullmann. Det er det beste teatret eg har sett nokon gong. Det har vore fleire gode framsyningar frå Riksteatret.

3. Det er det heilt sikkert, men eg kjem ikkje på nokon i farten. Eg tykkjer tilbodet er bra.

4. Mange gonger har eg vore på veldig gode konsertar der det nesten ikkje har vore folk. Det er trist at ikkje fleire går på konsertane. Og om eg skal seie noko negativt, så er det teleslynga, som er dårleg.

Ingjerd Almås Anfinset (43), Hol

1. Eg brukar kulturhuset mest saman med barna, og har gjort det i mange år. Det er flott at det er så stor variasjon i programmet, og at det med jamne mellomrom er noko som passar for både eldste- og yngstemann.

2. NRKs musikalske julekalender for nokre år sidan, var ei spesielt koseleg framsyning. Både Jan Eggum og Odd Nordstoga har vore høgdepunkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Putti Plutti Pott. Det hadde vore ein fantastisk sjanse for nesten 40 barn og unge i Hallingdal og delta saman med profesjonelle skodespelarar i ein stor, flott produksjon.

4. Kulturhuset har ei viktig rolle som kulturformidlar i Hallingdal, og derfor må det vera breidde i både kino- og kulturprogrammet. Det er også viktig å framleis utvikle seg på den tekniske sida. Og ikkje minst jobbe for at talent frå heile Hallingdal får sleppe til og utvikle seg på scena.