Hellbillies skapte liv i Spektrum.
Hellbillies skapte liv i Spektrum.

Røta

Skal ein oppsummere Hellbillies-festen i Spektrum med eitt ord, må det bli røta.

Kvelden vart den festen me hadde håpa på. Og meire til. Stappfull storstove, musikarar i toppslag, ei perlerad av eit repertoar og herleg musikk.

Eg må innrømme eg vart rørt fleire gonger, frå dei drog i gang med Leite etter lykka til dei avslutta snaue to timar etterpå med Røta. Ingen andre norske band kan levere det Hellbillies gjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me var mange i salen som hugsar bandet tidleg på 90-talet. Som spelte på Sundrehall, på Grillen, på Leveldtun. Fyrst som Kådnbandet, så som Hellbillies.

Tidleg på 90-talet tok dei steget. Dei baud på seg sjølv, med tekstar på halling som me alle kjende oss att i. Det kunne fort blitt med eit moroinnslag frå Bygde-Noreg, men vart eit 20 års musikkeventyr som kulminerte i Oslo Spektrum denne laurdagskvelden.

Are Kalvø sette tonen, der han drøymde om å vera musikar frå Ål i Hallingdal. Så kom karane på scenen. Fyrst med faste medlemmer, så med gjesteartistar, Trond Nagell-Dahl, Jonas Alaska, Rita Eriksen og Rob Hajacos.

Her var alt frå allsong på Den finst eg veit til råe Allman-tonar på Lakafant. På sistnemnde låt var det moro å sjå at Aslag Haugen også kan briljere på gitar, ved sida av veslebror Lars Håvard. Og tøffast av alt: Det som svinga mest var låtane frå siste plata. Det fortel at Hellbillies er langt unna å legge inn årene.

Hellbillies har stolt på sine musikalske røter, og dei har stolt på sin identitet gjennom tekstane til Arne Moslåtten. Kva var derfor meir naturleg enn å avslutte konserten med Røta.

Ekstra sterkt var det då Aslag utropte låten som ein hyllest til ein storebror som ikkje fekk med seg festen i Spektrum. Arne Sigurd Haugen omkom i ei bilulykke i fjor sommar. Det var Arne Sigurd som gav dei yngre brørne smaken på amerikansk sørstatsmusikk. Han skreiv tekstar for dei – deriblant Røta – og har vore ein viktig mentor for Haugen-brørne. Eg er sikker på at han følgde konserten med eit stort smil om munnen, og kanskje som mange av oss, med ein klump i halsen.

Dette var stort.

Gratulerer!