Ingvild Lien (15) frå Hemsedal.
Ingvild Lien (15) frå Hemsedal.

Prøvde seg som utvekslingsstudent

Ingvild Lien (15) gjekk til topps i tevlinga «Vinn ei uke» som var lyst ut over heile verda.

Eigentleg skulle Lien vera borte ei veka, men vertsfamilien hennar inviterte henne til å vera i Florida ei ekstra helg. Dermed fekk hemsedalsjenta ein smak å korleis det er å vera utvekslingsstudent.

Ifølgje programansvarleg for utvekslingsstudentar i EF Norge, Toril Lunde, vann Ingvild fordi ho hadde skrive eit svar som hovudkontoret i Sveits fall for. I brevet sitt, som var skrive på engelsk, meiner Lien at ein som utvekslingsstudent får ei djupare forståing av landet og kulturen, på ein måte du ikkje kan lesa deg til i ei bok.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingvild er ei fantastisk jente, og ein kjempeflott ambassadør for Norge, meiner Lunde. Ho har fått mange gode tilbakemeldingar frå både vertsfamilien i Gainsville, støttenettverket til EF, og hovudkontoret i Boston. Det tyder på att rett student var valt, ifølgje Lunde.

Tevlinga vart halden for andre gong, men det er fyrste gong ein norsk student vinn, noko den norske avdelinga tykkjer er stas.