Meir enn 350 barn dukka opp i ulike kostyme for å vere med på det første HalloVenn-arrangementet i Hallingdal, her frå idrettshallen i fjor. (Arkivfoto)
Meir enn 350 barn dukka opp i ulike kostyme for å vere med på det første HalloVenn-arrangementet i Hallingdal, her frå idrettshallen i fjor. (Arkivfoto)

Ny Hallovenn fest på Ål

Laurdag 31. oktober er det duka for nytt storinnrykk av ungar mellom 3 og 13 år i Ål idrettshall.

Det blir på same dato som i fjor, men i år skal det bli lettare å komme inn. Her blir det over 20 ulike aktivitetar, masse godteri og andre premiar. Aktivitetane har stor variasjon i vanskegrad og tema, slik at alle bør kunne kose seg, uansett alder. Det blir kafé for dei som vil følge ungane sine, men har høve til å sitte ned litt.

Festen på Ål er ein av 63 HalloVenn festar rundt om i heile landet. Konseptet er skodd over ein felles lest, og forankra i HalloVenn Norge som godkjenner kvart arrangement. Visjonen er «Saman gjer vi Norge til ein betre stad å leve!»

Artikkelen held fram under annonsen.

Ta på artige, fine eller tøffe kostyme, men la skumle masker ligge heime, og kom på kjempefest i idrettshallen. Arrangementet er livssynsnøytralt, sjølv om det er menigheitene i Ål som står bak.