Enslaved er (f.v.) Ivar Bjørnson, Grutle Kjellson, Herbrand Larsen, Cato Bekkevold og Arve Isdal.
Enslaved er (f.v.) Ivar Bjørnson, Grutle Kjellson, Herbrand Larsen, Cato Bekkevold og Arve Isdal.

Nr. 12 frå Enslaved

Enslaved har fire Spellemannsprisar bak seg. I haust kjem oppfølgjaren.

RIITIIR er Enslaved sitt tolvte studioalbum. Herbrand Larsen står både bak tangentane, songmikrofonen og produsentstolen.

Forventningane er store

Dei fire siste plateutgjevingane til Enslaved har gitt Spellemannsprisar. «Axioma Ethica Odini» frå 2010 gav også ei lang rekkje topplasseringar på kåringar i inn- og utland som beste metal-album. Anerkjende magasin i både Tyskland, Storbritannia og USA meinte ho var årets plate. Her heime vart det på ny Spellemannpris. No er siste hand lagt på oppfølgjaren. Resultatet er blitt RIITIIR, ein tittel med utgangspunkt i gamle riter og ritual.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sprenger grensene

– Det er tøft å følgje opp alle godorda, men samstundes jobbar me alltid for å lage det beste me kan. Me ser framover og ikkje tilbake på det me har gjort før, seier Larsen til Hallingdølen.

Plata kjem ikkje ut i Europa før 28. september. Ein første smakebit, «Thoughts Like Hammers», er likevel alt tilgjengeleg på nett. Her serverer Enslaved som vanleg melodiøs, kompleks og hardtslåande progressiv metal som kryssar over fleire sjangergrenser på sin veg inn i mørkret. Låten er opningskuttet og eitt av åtte spor. Om RIITIIR som heilskap vil sprengje grenser står att å sjå.

Verda rundt

Seinare i haust blir det konsertar både i Oslo, Bergen, Stavanger, Stord, Haugesund, Kristiansand og Hamar. Før jul er det duka for Metal-cruise frå Miami til Bahamas og tilbake. På nyåret står både Europa, USA, Canada og Australia for tur.

I butikken frå 28. september 2012
I butikken frå 28. september 2012

Studioalbum nummer tolv er spelt inn i fleire studio i Bergen, blant anna Earshot Studios som er Herbrand Larsen sitt. Som med førre plata har både Ivar Bjørnson, Grutle Kjellson, Iver Sandøy og Herbrand Larsen produsert plata saman. Enslaved kunne i fjor feire 20 år som band.