Nominert for album
Folkemusikar Erlend Apneseth sitt soloalbum «Blikkspor» er nominert til Songlines Music Awards 2015 i kategoriane Best Artist og Newcomer.
Prisutdelinga er i regi av Songlines Magazine, eit world music-blad som kjem ut åtte gongar i året. Kåringane blir gjort på bakgrunn av stemmer, og ein kan stemme fram til 31. januar.