Med naturen og dyra i sentrum
Torill Thømt har stått bak mange utstillingsopningar. Fredag kveld var ho sjølv i hovudrolla.
Då opna Thømt si aller fyrste fotoutstilling i galleriet i Bjørnsenhuset i Nesbyen sentrum.
– Det er litt nifst, sa ho under opninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
43 bilete
For Thømt, som i mange år var leiar ved det som då var Hallingdal folkemuseum og seinare Valdres folkemuseum, har i sitt yrkesaktive liv lagt til rette for at kunstnarar har fått stille ut sine kunstverk.
No er det hennar kunstverk som heng på veggane i galleriet. 43 bilete i alt.
– Eg har jobba med mange utstillingar, men det har alltid vore andres ting. For ein gongs skuld er det mitt, og berre å få vist fram bileta er tilfredsstillande. Eg har fotografert heile livet, men digitaliseringa gjorde det nok enklare, seier Thømt.
Kjerringtorget
Det er naturen og dyra ho konsentrerer seg om.
Og her er det bilete frå lokal natur som frå Rukkedøla til isbjørn på Svalbard, løve i Sør-Afrika og ein edderkopp på Costa Rica. At bileta no heng oppe i det trivelege galleriet i Nesbyen er «litt tilfeldig», seier Thømt.
– Eg er engasjert i Kjerringtorget. Og det plar vere utstillingar under arrangementet. Eg ymta frampå om at eg hadde nokre bilete, seier Thømt.
Og då vart det slik. Når Kjerringtorget opnar laurdag, er det ho som er årets utstillar.
Då er Thømt bortreist. Men kameraet er med – innstilt for nye blinkskot.