Emma Abrahamsen pressar epler til den reinaste eplejuice. Anja og Tonny Abrahamnsen følger med saman med Vegard Lundberg.

Markens Grøde sikker vinnar i haustferien

Vêret var grått. Men det kokte på Hallingdal Museum.

For laurdagen mellom haustferiane i aust og vest trekte mange til det årlege arrangementet Markens Grøde. Spesielt kjem mange av Nesbyens hytteturistar hit.

– Me er på haustferie på hytte i Liemarka, seier Anja og Tonny Abrahamsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då dei såg at museet skulle arrangere Markens Grøde, reiste dei. Dottera Emma pressa eple på gamlemåten instruert av Vegard Lundberg. Og ut kom den reinaste eplejuice.

– God smak, var alle samde om.

Presten (Leif Otto Moen) var på plass.

Årets tema for Markens Grøde, var stølsdrift. Til stølen gjekk det hest og kløv, og på ein laurdag lokka seterjenta på dyra - og kan hende nokre friarar med?

Her var det køyring med hest, smeden var på plass i smia og Kolbjørn Høva var på plass med nokre av dei spesielle traktorane og motorane sine.

Budeia (Tuva Huseby) på stølen.

Vêret var grått og det regna tidvis. Men med lydkulissa av ei «brusende Rukeelv», som målaren Hans Gude ein gong skreiv, vart det ein triveleg familiedag på museet.

Med kløv gjekk Harald Rustand med hesten til stølen.