Lyfta taket i kulturkyrkja
Beate Løvås Solem avrunda året med rå stemmebruk og smektande jazzballadar etter Eva Cassidy.
Utflytta holing, Beate Løvås Solem, hadde med seg eit heilt sjumannsorkester heim til nyttårskonsert i Geilo kulturkyrkje. Dei tok publikum med på ei vandring gjennom repertoaret til Eva Cassidy.
Coverversjon av coverlåtar
Cassidy hadde ein kort karriere. Ho var berre 33 år gamal då ho døydde av kreft i 1996. Det finst ikkje noko katalog med eigne Cassidy-låtar. Det ho derimot har blitt kjent for, er sine særeigne tolkingar av andre sine låtar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nyttårskonserten i Geilo kulturkyrkje var ein coverversjon av Eva Cassidy sine coverlåtar. Balladar, smektande jazz, rå blues og lett gospel.
Hyllest til eit tenåringsidol
Beate Løvås Solem er ein allsidig songar som beherskar mange sjangrar. Tidlegare har ho hatt konsertar med klassisk musikk i kulturkyrkja. Laurdag presenterte ho ein songskatt ho har eit nært og personleg forhold til.
– Mitt ultimate mål som tenåring var å synge som Eva Cassidy. Etter at eg høyrde «Somewhere over the rainbow» og «Fields of gold» vart eg heilt frelst, seier ho.
Songfuglar med bunnsolid band
Publikum fekk høyre både desse to perlene, men også mange andre av dei mest kjende Cassidy-klassikarane. Dei presenterte også meir ukjende låtar frå repertoaret til den amerikanske songfuglen. På konserten delte Beate Løvås Solem scene med songarane Randi Ulleland Bø og Maria Aubert. Dei tre vokalistane veksla på synge solistroller og å kore for kvarandre.
Bandet var sett saman av bassist Kjell Audun Holestøl frå Hovet. Han hadde sett saman eit bunnsolid band av studiekameratar han møtte på konservatoriet, Tobias Solheim-Nilsen på trommer, Sigbjørn Innjord Thomassen på gitar og Magnus Winnæs Bakke på piano.
Les meir i papiravisa torsdag.