Margit Myhr spelar hovudrolla i stykket om Liti Kjersti. Fleire hallingar medverkar med skodespel, dans og musikk i stykket som har premiere 15. april.
Margit Myhr spelar hovudrolla i stykket om Liti Kjersti. Fleire hallingar medverkar med skodespel, dans og musikk i stykket som har premiere 15. april.

Liti Kjersti premiereklar

Podiet er fylt med unge hallingar når det folkemusikalske syngespelet Liti Kjersti har premiere på Riksscenen i Oslo.

Nesten hundre år etter at Det norske Teater sette opp Liti Kjersti på Bygdøy, er det på nytt klart for premiere.

Hulda Garborg skreiv stykket, der folkedansen var ein sentral del. No står fram stykket i nytt lys, ny drakt og med ungdom frå Hallingdal i hovudrollene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Regissør er Leif Stinnerbom, og premieren er på Riksscenen i Oslo 15. april.

Dansarar frå Buskerud

Margit Myhr frå Torpo spelar Liti Kjersti. På scenen er også Lars Fivelstad Smaaberg frå Gol, som spelar gullsmed. Helga Springgard, Ragnhild Fuglesteg Luksengard og Helga Myhr har sentrale roller som terner. Åsmund Jøtun Fauske, Lars Christian Brabant og Eivind Vestenfor har viktige biroller. I danseensemblet er også Idunn Torkelsgard, Ingebjørg Huso, Karianne Jorde Holestøl og Vebjørn Jøtun Fauske. I orkesteret spelar Sjur Borge og Sveinung Aaker Gundersen.

Det er folkedansprosjektet Danser´u som har børsta støv av manus og bles nytt liv i karakterane. Saman med hallingane er det 28 unge aktørar i alderen 16–22 år frå heile Buskerud som er plukka ut, og dannar danseensemblet. I mai kjem framsyninga til Folkemusikkveka på Ål.

Frå bunad til dongeri

Deltakarane i Danser´u har dei siste tre åra tileigna seg folkedans, og hatt undervising med profesjonelle instruktørar.

I oppsetjinga Liti Kjersti kjem dei autentiske dansane fram i ny kontekst. Noko blir omtrent som dei var for hundre år sidan, mens andre dansar står fram heilt nye.

Det er Eldgrim Springgard frå Leveld som har omarbeidd stykket til vår tid.

– Her blir det dongeri i staden for bunad, fortel prosjektleiar Gro Marie Svidal.

Prosjektleiaren seier folkedansen eignar seg godt på scena. Håpet er at prosjektet kan syne at fleire kan leva som profesjonelle folkedansarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Danser´u er buskerudversjonen av det landsomfattande prosjektet Bygda dansar, og 100 ungdommar har vore innom i løpet av dei siste tre åra.