Lanserer krim på Kjerringtorget
Krimforfattar og ekspolitisjef Hanne Kristin Rohde gler seg til Kjerringtorget i Nesbyen. Då skal ho ta eit oppgjer med kvinnesynet her i landet.
– Eg føler meg som ei kjerring i ordets beste betydning, seier Hanne Kristin Rohde. Ho har fått med seg at ordet «kjerring» nyleg vart stoppa av Facebook.
– Eg kunne ikkje anna enn å le, seier ho. Den tidlegare polititoppen er årets talar under Kjerringtorget i Nesbyen, som går av stabelen neste helg.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Forargar meg
Ekspolitisjefen har jobba med fleire krevjande og store krimsaker. Vald og sexbrotsverk er ofte sterke saker.
Den aktuelle hemsedalssaka der tre menn vart frifunne for gruppevaldtekt av 18 år gamle Andrea har fått mange til å reagere rundt omkring i landet. Rettstryggleiken for kvinner var eit sentralt tema i demonstrasjonane og i appellane i etterkant. I Hallingdal vart det demonstrert i Hemsedal.
– Eg vil kome inn på den saka. Eg har også blogga om det, for denne saka har opprørt meg, seier Rohde.
– Kven har ansvaret for at situasjonen vart farleg, spør ho. Eg vil ta eit oppgjer med kvinnesynet, og kor ansvaret skal liggje. Når ein ser uttaler som har kome frå forskjellig hald i samband med hemsedalssaka, forstår ein kvifor ein skriv krim. Forderva haldingar, smell det frå Rohde.
Klar for Kjerringtorget
Ho skal også fortelje om korleis det har vore å vere kvinneleg leiar i Norge i 25 år.
– Det er eit skup, og me er stolte over at ho vil koma. Ho er ikkje redd for å prate kvinners sak, seier kjerringtorg-sjef Anne Marie Kollhus.
– Det er viktig for oss å vera med i tida. Det er me i aller høgste grad når Hanne Kristin Rohde er årets talar på Kjerringtorget, seier Kollhus.
Kjerringmylder
I desse dagar kjem krimforfattaren og ekspolitisjefen med si tredje krimbok.
Artikkelen held fram under annonsen.
– På Kjerringtorget blir det også ei slags lansering. Eg håpar eg kan sitje og signere blant alle kjerringane, seier Rohde.
Og det skal ho. I eit mylder av kjerringar neste helg. Det er 130 buer i år. Nesbyen sentrum blir fylt av kjerringar med eigenproduserte varer. Det vil koke i sentrumsgatene. Og på Kjerringtorget nummer 23 er det altså den tidlegare polititoppen i Oslo politidistrikt som skal vere årets talar.
– Det er stas å bli spurt. Eg gler meg verkeleg. Det er ikkje så mange andre arrangement eg ville sagt ja til den helga, men dette må eg ha med meg, seier Rohde.
Profilert politisjef
Hanne Kristin Rohde har hatt ein leiarkarriere i politiet sidan 1994. Då vart ho påtaleleiar i Oslo politidistrikt. Politikarrieren avslutta ho i 2014 etter å ha vore sjef for vald- og sedelegheitsseksjonen i Oslo-politiet. Rohde var ein profilert politisjef. Ho sa opp jobben og vart krimforfattar.
– Eg kjem til å prate om korleis det er å jobbe i politiet, og vegen frå politi til krim, seier Rohde.