Nyttårskonserten er eit lyft for korpset, seier korpsleiar og saksofonist Eli Jorde Tilghmann, nærmast,
Nyttårskonserten er eit lyft for korpset, seier korpsleiar og saksofonist Eli Jorde Tilghmann, nærmast,

Korps klar for mimrekonsert

Nesbyen Hornmusikklag feirar og mimrar. – Eg gler meg, seier dirigent Gunn Ragnhild Stigen.

Det er tid for nyttårskonsert att. Den tradisjonelle konserten som er det årlege høgdepunktet for korpset.

Laurdag skjer det i Kulturhuset Banken. Då er det jubileum. For dette er den 25. konserten i ei einaste lang rekkje. Men det ikkje berre det: Nesbyen Hornmusikklag er 125 år i år. Det tredje eldste korpset i Buskerud og det 36. eldste skule- og amatørkorpset i landet skal feirast.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette blir ein stor og fin happening, lovar korpsleiar Eli Jorde Tilghman.

((Qid=D3B2BAB0))

Begynte i Gamle Nes

Det begynte i Gamle Nes i 1891.

Det var her «fiffen» budde på den tida, og det var her ein av desse, Otto Knoph Rømcke, fekk ideen til å starte ein sekstett. Sonen til Myllarguten var den første instruktøren.

Sekstetten, som vart kalla «Hødnblåsaran», voks etter kvart til eit korps. Namna har vore fleire gjennom åra, men på 50-talet fekk korpset namnet Nesbyen Hornmusikklag.

Fekk ideen

Det var korpsets mangeårige dirigent Magne Fremo som fekk ideen til å spele ein nyttårskonsert i 1991, og sidan har korpset samla fulle hus på desse konsertane. Fremo døydde i fjor. Han hadde gjennom åra også dirigert Geilo Musikklag og korpsa i Nore og Uvdal og Tunhovd.

– Musikantar frå desse korpsa er med og spelar på nyttårskonserten i år. Dei gjer det for å heidre han, seier Jorde Tilghman.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gunn Ragnhild Stigen dirigerer sin aller første nyttårskonsert med Nesbyen Hornmusikklag. Ho har rett nok vore med på tre-fire konsertar før på prosjektbasis. Men årets konsert blir noko heilt anna.

– Det blir spennande, seier ho.

Mimrekonsert

Fordi det er jubileum blir det ein mimrekonsert i år.

Med unnatak av to nummer skal korpset spele stykke som er spelt på tidlegare nyttårskonsertar – og eit ekstranummer som er det same kvart einaste år. Det er berre å gjette. Svaret er enkelt.

Elles er det er plukka litt her og der. Fleire av «låtane» er krevjande. Det er høg vanskegrad. Men korpset har lege i hardtrening. Eit seminar med instruktørar frå Stabsmusikken var nyttig.

– Korpset tek eit steg vidare. Nyttårskonsertane er eit spark i baken, seier Eli Jorde Tilghman.

Mykje entusiasme

Dirigent Stigen er solist også, på xylofon. Den andre solisten er korpsmedlem Målfrid Breivik. Ho skal synge eit Vera Lynn potpurri. Konferansier er Sven Arne Trolsrud, som spelte i fleire år i korpset før han flytta til Drammen og vart med i Drammen Byorkester.

Det har gått både opp, men korpset har halde seg flytande i 125 år. Det er imponerande, men det seier mykje om interesse, entusiasme og pågangsmot. Nesbyen Hornmusikklag har i alle desse åra vore er framleis ein solid grunnpilar i musikklivet i Nes. Nyttårskonserten er alltid ein opptur for korpset. Det lovar dirigent Stigen i år også.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er klare!