I haust tok Joakim Rusten Jensen NM tittelen i spelet backgammon. Førre helg leverte han nye toppresultat.

Kjempa mot dei aller beste spelarane i landet - vann heile turneringa: – Dette betyr mykje

Førre helg kunne Joakim Rusten Jensen krone seg som ny meister i backgammon.

Med 33 deltakarar på plass i Oslo, samla den fyrste turneringa dei aller beste backgammon-spelarane i heile Norge. Her gjekk Jensen heilt til topps etter siger i finalen.

Les også
Har spelt i 20 år; no krona han det heile med NM-titel: – Det ligg mykje strategi og tenking bak kvart trekk

Den andre turneringa, som vart arrangert av Noregs Backgammonforbund same helg, er blant dei mest prestisjefylte i norsk backgammon, fortel Jensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var to store konkurransar, og den turneringa eg vart nummer to er den største etter NM. Det betyr mykje i miljøet.

Her kjempa dei 16 beste turneringsspelarane frå landet. Etter fleire intense og spennande kampar, måtte Jensen sjå seg slått i finalen og enda på 2. plass.

Backgammon

Brettspel for to personar. Kvar spelar har 15 brikker, den eine lyse og den andre mørke. Brikkene blir flytta etter terningkast.

Brettet er firkanta med tolv kileformene felt langs langsidene, vekslande lyse og mørke. Det er også delt på tvers av ei forhøging, kalla baren. Dermed får brettet fire kvadratur, kvar med seks felt.

Når ein spelar har flytta alle sine brikker inn i eige indre område, kan spelaren flytte brikkene ut av brettet. Den som først får alle sine brikker ut, vinn spelet.

Kjelde: snl.no

Høge plasseringar

Trass i tapet i finalen er det klart at golingen har markert seg som ein av dei mest lovande backgammon-spelarane i landet.

I fjor haust kjempe han om å bli Noregsmeister, og vann. Jensen har spelt i over 20 år og tittelen vart eit stort høgdepunkt. Meisterskapen tiltrekkjer seg både erfarne veteranar og nye talent innan sporten, og i fjoråret var deltakinga spesielt sterk.

– Det er fleire unge som kjem opp og fram, noko som er veldig positivt, fortalde Jensen etter at han vart krona som NM - meister.

Klubb på heimebane

Etter å ha markert seg som ein av dei fremste spelarane har han fått fleire førespurnader frå backgammon-entusiastar som er interesserte i å starte opp klubb på heimebane.

– Det har vore fleire som har vore i kontakt for å starte opp klubb på Gol. Det har blitt fleire førespurnader etter NM sigeren i haust, avsluttar Jensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Joakim Rusten Jensen er blant Noregs beste spelarar i backgammon.