Kan bli Årets unge folkemusikar
Erlend Apneseth kan bli Årets unge folkemusikar i konkurransen INTRO-folk. Finalen inngår i Folkelarm.
Torsdag startar Folkelarm i hovudstaden. FolkOrg, organisasjonen for folkemusikk og -dans, eig og administrerer bransjetreffet. I år kan felespelar Erlend Apneseth gå heilt til topps under kåringa av Årets unge folkemusikar – han spelar finale i konkurransen INTRO-folk tidleg laurdag ettermiddag.
– Gjere mi greie
– Det er jo frykteleg moro, sjølvsagt. Eg ser først og fremst på det som ein mogelegheit til å vidareutvikle meg. Eg skal berre møte opp og gjere mi greie og gler meg til det, seier Apneseth.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spelemannen skal tevle mot Kirsti Bakken Kristiansen og duoen Odde & Holmen. Dei tre finalistane har blitt kåra i løpet av Førdefestivalen, Kalottspel og Nordsjøfestivalen i sommar. Vinnaren får ei skreddarsydd lanseringspakke.
– Om eg skulle vere så heldig å vinne, må eg tenkje gjennom kva det ideelle prosjektet å vidareutvikle hadde vore. Eg har fleire prosjekt på gang neste år som kunne tronge litt støtte på det eine eller det andre viset, men kva det eventuelt blir må eg nesten berre vente og sjå, seier han.
Viser seg fram
Under sjølve Folkelarm skal fleire hallingar delta. Kvedarkvintetten består av Helga, Sina og Margit Myhr og Tonje og Silje Risdal Liahagen. Gruppa frå Torpo syng folkesongar frå Hallingdal a cappella i fleirstemte arrangement og går på scena torsdag kveld. Dei er blant dei 26 utvalde til årets arrangement.
– Det er veldig stas å få sjansen til å vise seg fram for alle dei som arrangerer festivalar og konsertar både i Norge og i andre land. Målet er at denne moglegheita skal føre til fleire mogelegheiter og konsertar. Uansett er det moro å få synge og halde konsert i Oslo, seier Margit Myhr.
Ulf-Arne Johannessen frå Ål skal òg syne seg fram på Riksscenen, han speler konsert laurdag kveld. I fjor haust gav han ut albumet «Einpikkar’n» med 16 låttar på einradar durspel. Han er elles kjent som Frikar-dansar.