Julefreden senka seg
Folkemusikken forsterka den heilage stunda i Ål kyrkje 1. juledag.
På ein av årets mest heilage dagar opna Ål kyrkje dørene til folkemusikkgudsteneste.
Akkompagnert av ringinga frå dei gamle kyrkjeklokkene i Ål, tok ei nær fullsett kyrkje plass i benkene.
Artikkelen held fram under annonsen.
Folkemusikkliturgien til Jo Asgeir Lie forsterka den høgtidelege stunda.
Medkjensle
I preika si uttrykte Vigdis Moen Storhaug medkjensle med dei som ikkje har det så enkelt i jula. Slik som offera og pårørande etter 22. juli. Presten siterte statsminister Jens Stoltenberg sine ord om at 22. juli har lært oss at me berre har dette eine sårbare livet.
– Det har kome skuggar inn over landet vårt det siste halvåret. Men mørket kan ikkje overvinne lyset, sa Vigdis Moen Storhaug.
– Dei gode minna er våre mest dyrebare skattar, sa Vigdis Moen Storhaug, og siterer igjen statsministeren.
Mektig
Med musikarar framfor altaret leia av Jo Asgeir Lie, og Ål kantori på galleriet, vart folkemusikkgudstenesta fyrste juledag ei mektig oppleving.
Den kraftfulle songen og instrumenta fylte kyrkjerommet. Blant anna i den nydelege versjonen av Et barn er født i Betlehem, sunge på ein folketone frå Vigra.
I halvannan time stod tida stille. For mange var det kanskje nettopp då julefreden senka seg. Og me kunne rusle heim i polska-takt.