Jula for 90 år sidan
Knirka det i loftstrappa, tru? Ungane fniste under dyna og venta spent. Kjende dei ikkje litt kaffilukt, kanskje?
Opp trappa kom mor med frukostbrett. Ho bar på kaffi og julekake til alle ungane. To og to låg dei under dyna og berre venta. Desse to dagane i året då dei fekk servert kaffi på senga var noko heilt spesielt.
Julekaffi
Eit stort hol i golvet på soverommet sende varme og kaffilukt opp frå kjøkkenet under.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg hugsar det så godt og eg ser det føre meg. Juledagsmorgon, då fekk me kaffi på senga alle saman, fortel Margit Hjelmen. 97-åringen fortel at det var tradisjon. Ungane fekk ein skvett kaffi blanda med godt med mjølk. Ungane låg på «oppå huse», altså på soverommet i andre høgda, på garden Grøte i Hemsedal.
Foreldra, Kristine og Ole Snerte, tok namnet Grøte Snerte då dei flytta dit. Det kvite huset står framleis. Huset der Margit vart født i 1915. Her voks ho opp i lag med tre systrer og ein bror.
– Eg tenkte mykje på at då mor kom med kaffien, så hadde ho alt vore i fjøset og mjølka. Me låg til ho kom inn att, fortel Margit og smiler. Dei to minste fekk liggje hjå far og vente på julekaffien
– Den eine var meg, smiler ho.
Tradisjonen med julekaffi tok ho med til si dotter og sine barnebarn. Og det har vore stor stas.
– Eine barnebarnet mitt stod øvst i trappa om morgonen og ropte «kaffi på senga» høgt utover, ler Margit. Han fekk servert kakao då.
Til jul baka mor til Margit to store former. Ei med julekake og ei med sirupskake. Så den eine dagen fekk dei julekake ved sida tå julekaffien. Den andre dagen vart det sirupskake.
Eple i treet
To veker før jul kom det alltid ein stor pappask til gards. Frå doktor Roede. Bymannen hadde stort hyttetun ved Bubakken, med fleire hytter. Asken var full av spennande ting. Flotte og raude, amerikanske eple, ei stor pakke hasselnøtter. Pappasken romma også dadlar, fiken og mykje marsipan. Reine lykka for ungane på garden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Medan mor ordna med maten, var det far som hogg juletre.
– Far kom heim med ei stor buske som nesten rakk oppi taket. Buska skulle liggje og tine litt, før ho kom inn i kjøkenet, fortel Margit.
Dei hadde stort kjøkken på Grøthe, med langbord og langbenk. Her sov foreldra. Og dei åt alle måltid her.
– Finstova var nytta om det kom framandfolk til gards og skulle overnatte. Her fyrte me berre i jula og når me hadde julefremand, minnes Margit.
Dei store, raude epla frå Dr. Roede vart hengde på juletreet.
– Epla vart hang i stratten, altså stilken. Så hadde me kjøpekjeks med ein fin engel på framsida. Dei tok me også og hengde opp. Og så lenkjer av glanspapir då. Som syster mi hadde laga. Og hjartekorger også, fortel Margit.
Oppi julekorgene på treet hadde dei litt smågodt.
– Eit år hugsar eg me hadde eitt-øres karamellar. Då var det vanskeleg å halde seg frå dei. Om nokon tok av pynten, fekk dei mindre når me skulle hauste treet 20. dag jul, fortel Margit og smiler. I toppen hugsar ho at dei hadde eit blankt spir.
Artikkelen held fram under annonsen.
Snertemålaren
Folk kalla far hennar for Snerte-målaren.
– Me fekk juleasken hjå Dr. Roede, og Roede fekk rosemåling attende, fortel Margit.
Heime på julebordet til doktor Roede i byen stod det ei rosemåla smørtine. Julepynt i seg sjølv, tykte doktoren.
«Kvar gong julen forestår
tanken vår til Grøthe går
deres vakre blomstertine
står på julebordet og skine»
Slik skreiv doktoren i julebrev til Grøthe.
Artikkelen held fram under annonsen.
Før juledagane måtte gardsfolket vaske godt. Dei kvita peisen og fylde opp inne med nok bjørkeved til heile jula. Skikken var at alle i huset skulle ha minst eitt nytt plagg til jul. Åtte dagar før jul skulle grisen slaktast.
– Ikkje før. Han skulle vere så stor som mogleg og måtte gjøast. Juleftan hadde me lutefisk og fisklefse. Lefse som ikkje var så feit som lefsekling. Og lutefisksuppe som var ganske god. Nokon eg veit om har suppe enno, fortel Margit.
Dei drakk tomtebrygg. Til dessert hadde dei molter og fløyte.
Til julepresang kunne dei få lommeplagg med fine figurar på, og kanskje litt godteri. Eple og slikt. Foreldra gav ofte ein rosemåla ting. Og så kunne dei få turistplagg, vanlege tørkle, men med roser på.
– Det var veldig stas. Dei knytte me i halsen når me gjekk tur, fortel Margit. Hjå naboen, klokkaren og kyrkjesongaren Odd Grøthe, fekk dei ein stor rakfisk.
– Han var gift med syster åt far. Fisken hadde han fiska sjølv i Hundsenn-vatnet ved Skogshorn. Me ungane kunne ikkje forstå at dei vaksne kunne ete noko slikt, fortel Margit.
Ho fortel at juleftan var veldig høgtideleg. Mor og far deira tok alle fem ungane med ut på verandaen klokka 22. Då stod dei og høyrde kyrkjeklokkene ringe.
– Det vart ei høgtid det, og då starta jula for oss. Dei fortalde oss kvifor me feira jul. Me såg utover bygden. Det lyste i nord og sør. Me tykte det var så rart at alle saman visste om dette med den vesle guten som var født juleftan.
Artikkelen held fram under annonsen.
Julefremand
Av kaker hugsar Margit tre tørre slag. Det var «rettige bakkels», altså gommobakels, tebrød og sandkaker. Kakene la dei på «vasen», som stod i finstugu. Der var det kaldt. Bakelsvase var kakefat på stett.
– Eg hugsar godt koss sandbakelsen var hjå dei forskjellige me var i julefremand hjå, fortel Margit. Aller best var sandkakene hjå nabokona Anna Grøteteigen. Og då dei sa det åt ho, fekk dei ete ein til!
Alle seks gardane i grenda gjekk julefremand til kvarandre. Bortsett frå fyrste juledag når var alle heime hjå seg sjølve. Far til Margit las tekstar frå huspostillen. Då måtte ungane sitje i ro og høyre på.
Men andredag starta det. Då kom det beskjed om kven som hadde julefremand og så bar det av garde dit – frå alle dei andre fem gardane. Det var store lag. Og når dei hadde vore hjå den eine, bestemde dei kor det var julefremand neste dag. Nokre av jentene var også på besøk hjå gammalt folk. Men då var dei berre to-tre om gongen.
– Nokre sa at det måtte vere kjedeleg å ete same julematen alle stadene, men det var jo ikkje same maten. Folk lagde ikkje etter oppskrifter den gongen, så det vart forskjellig. Eg hugsar koss maten smakte ulikt på alle gardane, fortel 97-åringen. Ikkje minst hugsar ho kor glad ho var i rummebrød.
– Eg tykte mest ikkje eg fekk nok, men me måtte ete med folkeskikk, smiler ho.
Gardane kunne ha fleire dagar med julefremand. Eine dagen var med foreldre og dei små som ikkje hadde starta skulen enno. Skuleungane kom ein annan dag.
– Det var så moro. Me leika heile tida. Hugs, det var frå fem til åtte-ni ungar på kvar gard. Og alle var glade i kvarandre. Det var ikkje noko mobbing, seier Margit. På den tida var det eit sterkt samhald.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein sup til kvar
Margit hugsar og godt den tre kilos primosten. Kisteprimosten som kom på bordet når det var julefremand. Den var så blank og fin.
– Det var nok mykje fløyte og sirup i den, fortel ho. Rundt osten var det knytt eit primband. Då unngjekk ein å ta i sjølve osten. Margit har sydd mange slike. Og så måtte ein skjera pent av osten. Det kunne det stå langs kanten på «ostetalliken».
- Me hadde knivar å skjere med. Ikkje ostehøvel. Var det ungeselskap, var nok vertinna med og skar sjølv, smiler Margit. Elles på bordet stod det smørrebrød med heimelaga kjøtpålegg som sylte, sauerull og spikjimat. Syltetøy og sylteflesk. Og så hadde dei fine, runde og høge brød.
– Dei hadde sikkert god gjær, trur Margit.
Og det var øl når folk kom – og når dei gjekk att. Ungdommen fekk og.
– Det var ei ølskål, ein rosemåla ølbolle som ein snudde rundt etter som folk drakk. Det var ein sup til kvar. Og me kledde oss i det finaste me hadde. Då fekk me og sjå kva dei andre hadde fått til jul, smiler Margit. Men då dei gjekk til kyrkja i nyekleda, vart det ofte kaldt. Dei ville jo syne fram kva dei hadde på seg.
– Då fyra dei i kyrkja så omnane var heilt raude, minnest ho.
Dei dagane er farne då ungane strøydde sagamjøl på fjøsgolvet og hoppa paradis medan mor mjølka. Då dei kraup to og to oppi sengene sidan ungeflokken var så stor. Då dei var strålande glade for store, raude amerikaeple som kom i pappask nokre veker før jul. Men tradisjonar som julekaffi på senga og julefremand, kan ein ta med seg vidare.