Inger Marie Aasen Bjerkerud, til venstre, og Martha Kristin Gaptjern er spente før den aller første konserten og festen som dei arrangerer i Thonhallen.
Inger Marie Aasen Bjerkerud, til venstre, og Martha Kristin Gaptjern er spente før den aller første konserten og festen som dei arrangerer i Thonhallen.

Jenter med tæl

Dei gjer som Olav Thon ønskte då han opna Thonhallen i Flå for to år sidan.Fleirbrukshallen i Flå er stort sett oppteken til idrett.

– Store kulturelle tilstellingar her er mitt største ønske, sa Thon.

Men sidan den gongen har det vore dårleg med store kommersielle kulturarrangement som skulle gi dei ringverknadene for det lokale næringslivet. Eit heiderleg unntak er Vassfardansen, ein dansegalla som skal arrangerast for tredje gong i år i byrjinga av juni. Men no prøver Hallingeventyr seg. Fredag 20. mai har selskapet booka heile hallen til ein konsert med Vassendgutane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me bør ha 700 innom dørene for at me skal kunne smile litt, men håpar på eitt tusen, seier Martha Kristin Gaptjern og Inger Marie Aasen Bjerkerud.

Skreddarsyr

I fjor etablerte dei selskapet Hallingeventyr.

Dei ønsker å skape liv og røre i bygda. Dei lagar arrangement frå A til Å, som dei seier det. Frå bedrifter som vil ha aktivitetar og arrangement til utdrikkingslag. Dei skreddarsyr opplevingar anten det er på Rime gard, der den første Farmen-innspelinga vart gjort i 2001, eller på deira eige tun i Flå sentrum.

Inger Marie Aasen Bjerkerud, til venstre, og Martha Kristin Gaptjern køyrer på. Dei vil trekke folk til arrangement i Flå.
Inger Marie Aasen Bjerkerud, til venstre, og Martha Kristin Gaptjern køyrer på. Dei vil trekke folk til arrangement i Flå.
Inger Marie Aasen Bjerkerud, til venstre, og Martha Kristin Gaptjern satsar på opplevingar.
Inger Marie Aasen Bjerkerud, til venstre, og Martha Kristin Gaptjern satsar på opplevingar.
Vassendgutane spelar i Flå 20. mai.
Vassendgutane spelar i Flå 20. mai.

– Me har nok å gjere. I år tek me også over Eventyrfestivalen til Villa Fridheim i Krødsherad, seier dei.

Satsar

Martha Kristin er kyrkjeverje i Flå, Inger Marie som bur i Krødsherad er heimeverande no for å pleie ein sjuk unge. Hallingeventyr kan dei drive ved sida fordi dei har eit godt støtteapparat heime.

– Etter kvart håpar me å kunne leve av Hallingeventyr, seier dei.

For 20. mai tek dei eit steg vidare. Då satsar dei på konsert og fest i Thonhallen med Vassendgutane 14 dagar før Vassfardansen.

– Me øydelegg ikkje for Vassfardansen, dette er to forskjellige arrangement, seier dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Litt skummelt

– Kvifor satsar de?

– Me vil bruke Thonhallen meir og trekke folk til Flå. Oppslutninga no vil vere avgjerande for kva me gjer vidare. Me arrangerer for eige risiko. men me prøver dette fordi konsertar eller teater for den del skal vere ein del av det Hallingeventyr tilbyr.

– De tek ein risiko?

– Ja, det er litt skummelt. Eg kjenner det i magen alt, men Vassendgutane har aldri spelt for færre enn 700. Eg håpar det stemmer, seier Inger Marie.

– Fortener å bli brukt

Martha Kristin Gaptjern har tru på moglegheitene som opnar seg i Thonhallen.

– Hallen fortener å bli brukt meir til arrangement. Men det er ein stor jobb, og eg kan forstå kvifor det ikkje har vore fleire store kommersielle arrangement der, seier ho.

– Men ingen skal kome å seie at me ikkje satsar for å få til noko. Me tek eit godt spadetak no, seier Martha Kristin Gaptjern.

Blir brukt

– Derfor er det ikkje lett for andre å sleppe til på gunstige tidspunkt, men i helgene er det relativt mykje ledig, seier ordførar Tor Egil Buøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han helsar store arrangement som Vassfardansen og konserten med Vassendgutane velkommen. Men i tillegg er hallen leigd ut til lag og foreningar utanfor Flå, blant anna treningsleire for handballag. Mellom Vassfardansen og Vassendgutane er det ei Tae Kwon-Dohelg. Alt dette skapar aktivitet og gir ringverknader.

– Utfordringa vår er at det bur vel 1000 menneske i Flå. Då er det avgrensa kor mange store arrangement ein kan ha i løpet av eit år. Men hallen opnar for moglegheiter, og det er lagt til rette med både scene og beskyttelsesgolv, seier Tor Egil Buøen.