Intens dansekunst frå Frikar
Kroppsbeherskelsen er total når dansegruppa Frikar briljerer i framsyninga «GotoGuta».
Når den siste feletonen til Erlend Apneseth blir hengjande att åleine i lufta, er det mest som du har vore ute på ei lang treningsøkt eller dansa ein heil kveld på kappleiksgolvet. Framsyninga «GotoGuta» til Frikar er så intens, innhaldsrik og spennande at du nesten gløymer å puste. Men dei mange befriande humoristiske augneblinkane får deg til å dra på smilebandet, humre og senke skuldrene nokre sekund, før Vetle Springgard, Hallgrim Hansegård og Ådne Kolbjørnshus igjen kastar seg ut i dansesteg og turar av det spektakulære slaget.
Elegant knuffing
Frikar har skjemt bort publikum med framsyningar som «Laus», «Kruk», «Bivrfrost» og «Mjølk». Forventningane er høge og stolradene fulle når lausdansarane står på plakaten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fredag var dei igjen i Ål kulturhus og publikum er begeistra når trampeklappen har stilna og lyset har kome på: «Utruleg bra», «fantastisk», «imponerande».
For det er lett å la seg imponere. I «GotoGuta» får du tradisjonell hallingdans, moderne inntrykk, eleganse, akrobatikk og ein god dose skodespel. Det er kniving, knuffing, karstykkje, kameratskap og kompliserte relasjonar. Det er kroppar, sveitte, kjærleik og flatbrød. Og Backstreet Boys.
Lekker lysdesign
Det er ikkje noko jåleri over «GotoGuta»-produksjonen. Spelemannen sit på ein stol, står i eit hjørne eller ved eit par høve fremst på scena. Dansarane er kvarandres rekvisittar, turnerer kvarandre nærast som filledokker og utnyttar kvarandres styrke. Enkel belysning akkompagnerer avansert dans, og stadig er det dansarane sjølve som flytter meg seg lyskastarane rundt på scena, noko som er veldig effektfullt.
Det er så lett, leikent og improviserande i stilen, men det er berre tilsynelatande. Timing og presisjon sit perfekt. Mens du sit der nærast med hjarta i halsen når dansarane bokstavleg tala kastar seg ut i nye triks og turar, har dei sjølvsagt stålkontroll.