Darling West måtte sjå seg slått av Claudia Scott i kampen om Spellemannpris i kategorien Country laurdag kveld. (Arkivfoto)
Darling West måtte sjå seg slått av Claudia Scott i kampen om Spellemannpris i kategorien Country laurdag kveld. (Arkivfoto)

Ingen lokale Spellemannprisar

Darling West og 1349 nådde ikkje opp i kampen om Spellemannprisen laurdag.

Bandet Darling West – med Tor Egil Kreken frå Ål, Mari Sandvær Kreken og Kjetil Steensnæs – var laurdag nominert til Spellemannprisen i kategorien Country. Dei var nominert saman med Bendik Brænne, Torgeir Waldemar og Claudia Scott. Scott var til slutt den som kunne hente heim prisen.

Goling Tor R. Stavenes er bassist i metallbandet 1349. Han og gruppa var nominert i kategorien Metal. Det var også Eineherjer, Execration og Vredehammer. Execration vart årets Metal-Spellemann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heidersprisen gjekk i år til Morten Abel.