I år blir det stille på stølsvollen
– Årets Stølsrock blir avlyst. Risikoen blir for stor. Eg trur det vil ta tid før landet opnar.
Det seier Ole Embrikgård, initiativtakar og primus motor i Stølsrocken i Hemsedal.
For to år sidan feira han tiårsjubileum med 400 publikumarar framfor utescenen på Jonstølane. Men i fjor vart arrangementet avlyst på grunn av koronarestriksjonar. Slik blir det også i år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg kunne kanskje klart å arrangert noko for inntil 200 personar, men det vil eg ikkje. Skal det bere seg økonomisk må eg kunne planleggje for minimum 500 publikum, og det trur eg ikkje blir aktuelt denne sommaren. I alle fall ikkje i starten av juli. Eg har hatt gode sponsorar i lokalt næringsliv. Men slik situasjonen har vore dei to siste åra, er det mange som har hatt det vanskeleg. Eg vil ikkje sende sponsorbrev til bedrifter som har det trongt, seier han.
– Var artistane booka?
– Nei. Eg har vore usikker lenge og hadde bestemt meg for å sjå det an til etter påske for å vurdere korleis det låg an. No ser eg at det ikkje let seg gjere, seier Embrikgård. Han seier avlysinga er i tråd med råda han har fått frå ordførar og kommuneoverlege.
– Kva med Stølsrocken 2022?
– Då er planen å satse stort. Til neste år fyller eg 50 år og då skal eg slå på stortromma. Eg har heldigvis tid til å planleggje.