Asle Skøro (1852-1923) opna Sudndalen for turistar. I 1900 bygde han den tvihøgda reiseverksbygnaden som no står, noko endra, med den gamle hallingstugu inni.

Hus med sjel i – Skaro fjellgard

Eg veit alder at me banka på døre i Sudndale. Var det nokon som banka på, visste me at då var det byfolk. Me gingo rett inn. Men det var ikkje å buse fram, – vart ståande ved døre:

– Gudag og takk for sist!

– Sjøl takk for sist, du må sjå du fære sita.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja takk, eg fær nøk sita.

Dermed var den høgtidelege og tillærde vesle sermonien over, og svallen vart meir ledug. Slik var den faste skikken i bygden her, fortel Guri Berg.

Det kom til å bli mange fremmandfolk som banka på i Sudndalen.

Ingeborg Strid og Leif Sveingard ved bokhylla til Embrikk Skøro.
Embrikk Skøro skreiv regelmessig for Fremtiden. Som oftast skreiv han under namnet «Fjellkall». Bjørg Leidal gav i 2001 ut ei fyldig og god bok; «Embrikk Skøro – Skrifter i utvalg».

Nytta dagen

Asle Skøro (1872 – 1923) opna denne typiske fjellbygda for turistar. Han bygde den tvihøgda reiseverksbygnaden som no står, noko endra med den gamle hallingstugu inni. I 1901 gjorde Den norske Turistforening avtale med Asle om at han skulle ha 12 sengeplassar ståande og syte for mat til turistane som kom der, for 150 kroner året. På Minnestølen bygde Asle eit større hus med sju rom til bortleige.

Slike flinke karar som Asle nytta dagen. Denne vesle historia stadfestar det;

Knut Hallingstad, som hadde gard i Holsbygda, skulle køyre fôr frå Leino ved Strandavatnet. Ved firetida om morgonen møtte han Lars Skaro unde Eggen, også han med hest.

– Du er tidleg åt, sa Knut til Lars.

– Ja, det er betre å ha dagen fyre seg enn ette seg, svara Lars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rodde gjester

Ei tid rodde Asle Skøro og Herleik Kvanneberg gjester nordover Strandavatnet, frå Leino til Sveingardsbotn, ein strekning på 10-11 kilometer. Betalinga var tre kroner per tur! Båtskyssen korta inn turane for dei som tenkte seg til Steinbergdalen, Aurland eller Isungdalen. Det var liksom eit knutepunkt der ved Sveingardsbotn. Under arbeidet med å måle T-ane langsmed fjellrutene her hadde Herleik Kvanneberg i 1890 måla namnet sitt i ei berghylle ova Vierbotn. Hundre år seinare, i 1990, skreiv barnebanet hans, Guri Berg, namnet opp att.

Kona til Asle Skøro, Birgit, døydde i 1904, berre 37 år gammal. Tre barn, Embrikk, Ingebjørg og Lars, i alderen frå 3 til 8 år vart morlause. Ei sterk bestemor ta over morsrolla. Ingebjørg Skaro (1825 – 1940) var ei myndig dame, dei måtte nok lyde henna, blir det sagt.

Stelte seg sjølve

Lars Skaro (1901-1980) tok over turisttrafikken på Skøro i 1923 og held fram til 1947, då Guri og Anton Berg hadde leigeavtale til 1968. Dei første åra tok dei mot gjester om sommaren, dei siste åra berre i påsken.

Ingeborg og Leiv Sveingard overtok garden Skøro i 1971.

Frå starten i 1901 var drifta basert på at gjestene stelte seg sjølve. Den store bygnaden i Skøro var innreidd med fleire kjøken. Vertsfolket held sengetøy – laken og putevar. Etter dagens krav ikkje noko flott opplegg; halm i senga og utedo.

Vertsfolket i Skøro har eit godt ettermæle. Dei var veldig høflege, dei tok seg av folk og hadde evne til å skape trivsel. Dei var seg sjølv i Skøro.

Mange kunstnarar

Og folk kom. Ikkje så mange til å begynne med, sommaren 1902 berre 22. Av desse var 6 kjende kunstnarar: Målarane Gerhard Munthe, Thorvald Ericsen, Oluf Wold-Thorne, Johanna Bugge, Alice Pihl og Ragnhild Hvalstad. Dei kom frå skysstasjonen på Nerol og var i Sudndalen i 8-9 dagar i august dette året. Fleire kjende målarstykke med motiv frå bygdene her vart til denne sommaren. Ein skal ikkje ha vore mykje borti landskapsmåling for å forstå at til Sudndalen måtte dei reise desse kunstnarane.

Jcob Gløersen var der i desember 1910 og kom att året etter, saman med Erik Werenskiold. Dei var i lag med Bruun-familien og Asle Perstølen frå Ål. Namnet Arne Fladager finn me i gjesteboka frå 1910. Otto Henning i 1918, han var der i heile tre veker, Einar Tvedt og Hans Brusletto i 1918 og Eilert Mehl i 1921, han kalla seg «Dyremaler».

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje «mannen i gata»

Det var folkut i Skøro midtsommars. Somme berre overnatta og reiste vidare, skulle gå innover fjellet. Andre slo seg til ro, opptil fleire veker. I 1904 vart det 104 namn i gjesteboka, i 1911 104, i 1925 99 og i 1942 45.

Det er tydeleg at det var ikkje «mannen i gata» som gjekk i fjellet då, eller kunne ta ferie på Skaro fjellgard. Det var dei «kondisjonerte» som kom seg ut, tok ferie. I rubrikken for «Stilling eller Beskjeftigelse» finn ein dessutan namn på personar som venteleg var ute i embets medfør: Amtmannen, Amtslæge, Amtsingeniør, Lensmann, Distriktslæge, Sogneprest. Mange studentar var innom. Elles går stadig att titlar som: Læge, Prest, Grosserer, Verkseier, Skogeier, Bankchef, Direktør, Arkitekt, Ingeniør, Kjøpmand.

God fiskeelev

Som nemnt var det slett ikkje fåe som vart verande i Skøro ei heil stund, dei tok feriedagane sine der. Og det hadde dei gode grunnar for. Gjennom Sudndalen rann det den gongen ei elv. Ho var rekna blant dei beste fiskeelvar i landet. Og bygda med det særmerkte kulturlandskapet og dei stilfulle gardsanlegga med solsvidde tømmerhus, fortrylla nok fleire enn berre landskapsmålarane. Men om det såleis kom mykje fremmandfolk hit, heldt folket i Skøro likevel jamvekta, miste ikkje fatninga. Og dei var gjæv for byfolket, blir det sagt.

Fjellkall

Ein som ikkje heilt fall inn i dette mønsteret, var Embrikk Skøro (1896 – 1976 ).

Han var den eldste av dei tre syskena i Skøro, men tok likevel ikkje over garden. Heller ikkje hadde han vel interesse og evne som turistvert. Han «hadde slik usløkkjande hug til å lære meir», har han fortalt. Men heime fekk han ikkje medhald for meir skulegang. Så rømde han like godt, var innom hjå skraddaren i Hol etter dressen han hadde tinga – og drog til Heimtun folkehøgskule.

«Du skulle vore lærar du», hugsar eg Olav Sletto ein gong sa til Embrikk. Han gjekk riktig nok ei lita tid på lærarskule, men vart ikkje lærar. I staden bygde han seg ei lita hytte på Vesleli. Der sat han og skreiv. Det vart store bunkar med manus. Men ein dag Embrikk var nedi bygda, brann diktarhytta hans ned til grunnen. Mange års skrivearbeid gjekk opp i røyk.

Då redaktør Jon Vrå i Fremtiden høyrde om dette, sende han straks ei stor pakkke med skrivesaker til Embrikk, med oppmoding om å halde fram med skrivearbeidet. Embrikk hadde regelmessig hatt små stykke i Fremtiden, med det oppdikta namnet Fjellkall. Ikkje noko i Fremtiden vart lese av så mange som det Fjellkall skreiv, sa Vrå.

Embrikk hadde sin eigen måte å skrive på, slik han skreiv og det han skreiv kunne ingen greie å etterlikne. Det kom aldri nokon bok ifrå ’o Embrikk. Med brannen i Vesleli var det som gnisten til å skrive slokna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er når idealistar som Embrikk blir stansa på vegen sin at me misser så mykje. Kanskje meir enn me anar.

Garden sitt andlet har endra seg mykje. Mest til det betre, men ikkje berre. Dei gamle hallingstovene i grenda her er frakta ut or bygda og tener som hytter ell stasstugu hjå rikfolk. Kombinasjonen økonomiske problem og manglande syn for desse verdiane er vel forklaringa på forfallet.

I det offentlege var det mest like ille, heilt opp til vår tid. Eg veit kva eg svallar om – eg er ein av dei ein kan rette klage mot.

Men i bygda finst enno hus med sjel i. Veit me det, og ser me det? Det er visst slik at det ofte er vanskeleg å sjå det som ligg rett utta stugudøre.

Skal me prøve oss på ei «oppdagingsferd» og reise innom Foreningsbygnaden i Holsbygda, Gullhaug og Haakonsæt i Hovet og Skaro i Sudndalen. Kjenner me livssoga til desse husa, veit me mykje om det hamskiftet som bygdene her har gått igjennom dei siste hundre år.

Einar Seim skriv i eit av sine dikt:

Kvar gard har sitt eige andlet

kvar elv har sin eigen song

Kvar gard er ein lut av landet

frå han vart rudd ein gong