Måleri av Axel Vindenes.
Måleri av Axel Vindenes.

– Her er det noko for alle

Ål kunstforening er klar med årets juleutstilling i Galleri Syningen.

Utstillarane er Siri Berrefjord, Marianne Gretteberg Engedal, Axel Vindenes, Ingrid Hokstad og Caroline Strømhylden.

– Utstillarane representere ei variert og overraskande kunstnerisk tilnærming med sine uttrykk. Her er det noko å hente for ein kvar som oppsøker utstillinga, seier leiar i Ål kunstforeining, Mons Georg Rud. Utstillinga skal stå til 7. januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marianne Gretteberg Engedal torer ikkje å kalle seg sjølv for kunstnar. Ho kallar seg teiknar. Engedal som går under namnet «Skinkeape» kjem frå Dagali, og er på Haugastøl kvar sommar. Då er ho vertinne på Gretteberg Kafe. Til dagleg bur og arbeider ho i Oslo.

– Dei fleste oppdraga får ho gjennom å dele arbeidet sitt på Instagram. Ho har over 50.000 følgarar, mange utanfor landets grenser, skriv Ål kunstforeining.

Eit luftig hallingkast

Ingrid Hokstad og Caroline Strømhylden er busett i Lillestrøm.

Bunadssmykke i plast laga av Siri Berrefjord.
Bunadssmykke i plast laga av Siri Berrefjord.

– Alle plakatane deira som blir vist hjå oss har kjende motiv frå Ål og Hallingdal, framstilt i ei minimalistisk og moderne form. Utgangspunktet er som regel eit fotografi, og bilete frå lokalmiljøet. Nokre eksempel er hallingbunad, eit åkle frå Ål eller eit luftig hallingkast, skriv kunstforeninga.

Optimist

Axel Vindenes frå Bergen skal stille ut måleri.

– Han viser oss nokre store lerret der alle uttrykkjer ein ungdommeleg optimisme, skriv dei. Vindenes er også musikar, komponist, tekstforfattar og produsent.

Den siste utstillaren er Siri Berrefjord som held til på Hønefoss.

– Ho er mest kjent for hennar fargerike bunadssmykke i plast, skriv Ål kunstforeining.