Sander Røo var sentral på nær sagt alle område i Hol på 1800-talet. Men han slo seg også fram nasjonalt, og i intelligentsiaen i hovudstaden var han respektert for sin kunnskap.
Sander Røo var sentral på nær sagt alle område i Hol på 1800-talet. Men han slo seg også fram nasjonalt, og i intelligentsiaen i hovudstaden var han respektert for sin kunnskap.

- Han var ein lokal da Vinci

Historikar. Forteljar. Vitskapsmann. Politikar. Meisterspelemann. Kraftkar. Kulturpersonlegdom. Det fanst ingen grenser for Sander Røo.

I år er det 200 år sidan ein av dei mest markante holingar – og hallingar – vart fødd.

– Sander Røo var ein fantastisk herremann. Han var ein vanleg bondeson, som utan lang utdanning utanom underoffisersskulen markerte seg lokalt og nasjonalt og bygde seg opp nettverk i intelligentsiaen i Christiania, seier Knut Medhus i Hol historielag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Markerer jubileum

Medhus har dykka ned i historia om Sander Røo i samband med 200 årsjubileet.

Jubileet har vorte markert med Røo-kveld i Tingstugu og det kjem ein artikkel i historielagets årbok seinare i år. Røo gjorde i si tid eit formidabelt stykke arbeid då han samla lokale gjenstandar han leverte til Universitetets Oldsakssamling i hovudstaden. Og så viktig vart dette arbeidet vurdert, at Røo fekk ein fast årleg gasje, 240 kroner i året, så lenge han levde. I sommar heng det oppe ei utstilling i Tingstugu med bilete av fleire av desse gjenstandane. Mellom anna var det Røo som i 1850 fann den spesielle ringbrynja frå 1400-talet i ei steinrøys på Hagafoss. Ringbrynja, som må ha tilhøyrt ein adelsmann, er ein av svært få ringbrynjer som er funne intakte i Norge.

– Innsatsen for å samle og sikre historie og gjenstandar er uvurderleg, seier Medhus.

Denne ringbrynja vart funne av Sander Røo på Hagafoss i 1850. Brynja, som vart funne i god stand, er ei av få i sitt slag i Norge.
Denne ringbrynja vart funne av Sander Røo på Hagafoss i 1850. Brynja, som vart funne i god stand, er ei av få i sitt slag i Norge.
Sander Røo arbeidde for å opne bibliotek i Hol. Det gjorde han for eiga rekning i 1850-åra. Frå dette skåpet lånte han ut bøker.
Sander Røo arbeidde for å opne bibliotek i Hol. Det gjorde han for eiga rekning i 1850-åra. Frå dette skåpet lånte han ut bøker.
Tor Villand var i likskap med Sander Røo ein dyktig historie- forteljar. – Han var utruleg kunnskapsrik og ei vanvettig kjelde, seier Knut Medhus.
Tor Villand var i likskap med Sander Røo ein dyktig historie- forteljar. – Han var utruleg kunnskapsrik og ei vanvettig kjelde, seier Knut Medhus.

– Avgjerande betydning

Saman med den samtidige Tor Villand meiner Medhus Sander Røo har hatt avgjerande betydning for historia om Hol.

Dei kunnskapsrike karane utfylte kvarandre, i tillegg til at det nok var ein viss konkurranse dei to imellom.

– Når eg har arbeidd med dette, slår det meg kor utruleg det er at denne vesle flekken fostra opp desse samstundes, seier Medhus, som har kalla Røo ein lokal Leonardo da Vinci.

Røo, som døydde i 1891, fekk også årleg pensjon frå Stortinget frå 1878 «for hans arbeide med folkeoplysningen».

– Kva er det mest slåande ved Røo?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er det allsidige som imponerer. Han hadde vide interesseområde.

Sentral personlegdom

Og historia om Røo, som også brukte namnet Raaen, dokumenterer nettopp dette:

n Politikaren: Han dominerte det politiske arbeidet i Hol frå 1840-talet. Fyrst i felleskommunen Ål/Hol og etter at Hol vart eigen kommune i 1877. I 1870–71 tok han opp spørsmålet om veg mellom Hol og Aurland.

n Meisterspelemann: Han var framifrå på lur og ein meister på prillarhorn, noko den kjende lokale forfattaren Olav Sletto har skrive om i boka Per Spegil. Sletto kalla elles Røo for «ein Snorretype». Då folkemusikksamlaren Ludvig Lindemann reiste landet rundt for å samle lokale folkeviser, var Røo ein sentral mann i øvre Hallingdal. Av Tor Villand fekk Lindemann religiøse folketonar.

n Målmannen: Målsaka var viktig for Røo, og det er her han har sett størst nasjonale spor etter seg. Han samarbeidde med Ivar Aasen, og leverte totalt mellom 3000 3500 ord og uttrykk til Aasen.

n Han skipa bibliotek: I 1850-åra tok han til orde for å opne eit bibliotek i Hol. Han møtte motstand, særleg blant prestane, men med hjelp av kontaktar i Christiania fekk han tak i bøker. Han lagde eit skåp til bøkene, og mange kom heim til han for å låne bøker. Etter kvart tok han med seg skåpet til kyrkja, så folk kunne låne og bytte bøker der. I 1875 tok formannskapet i kommunen over biblioteket.

n Kraftkaren: Organisert idrett fanst ikkje på 1800-talet. Men det hindra ikkje folk i å drive med ulike aktivitetar for å måle krefter.

Røo var kjend som ein sterk mann. Han kunne løfte kyr og hest, fortel historia. Men det er det såkalla «Sanderlyftet» som står att etter han. Utanfor stugu på Røo ligg det ein stein. Der er det hogge inn: «Løftet af S. Raaen 1846».

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen skal ha klart det sidan ...