#hallingjul
Nissefar på tur i skibakken vann fotokonkurransen #hallingjul.
Det siste halvåret har Hallingdølen invitert lesarane med på fleire fotokonkurransar på Instagram. #hallingsommar og #hallinghaust gav mange flotte bilete som me har presentert her i avisa og i Videomagasinet på nett. Også emneknaggen #hallingjul gav oss flotte bilete med mykje god julestemning. Vinnaren denne runden vart Jan P.B. Rutgerson frå Hemsedal. Med eit bilete av julenissen i alpinbakken fanga han merksemda til juryen.
– Det er ein absurd og artig situasjon. Biletet kombinerer julestemning med noko me har mykje av i Hallingdal – alpinbakkar, seier journalist og jurymedlem Caroline Utti.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me gratulerer vinnaren og dei ti finalistane.
{{imageLeft}}{{imageLeft}}
.
.
{{imageLeft}}{{imageLeft}}
.
{{imageLeft}}{{imageLeft}}
.
Artikkelen held fram under annonsen.
{{imageLeft}}{{imageLeft}}
.