Godsruta spelar i Oslo
Arne Anderdal gav sist haust ut ei plate med tradisjonsmusikk frå Hallingdal. Som siste lanseringskonsert skal han og medmusikantane i Godsruta presentere si musikalske last på Riksscena for folkemusikk i Oslo torsdag 26. februar.
Etter konserten vert det og høve til å få seg ein runde på dansegolvet. Dei som spelar i gruppa er Leif Ingvar Ranøien, Olav Undeland, Erlend Styve og Anders Hall.
Artikkelen held fram under annonsen.
Godsruta er og lasta med briskjitreak produsert i Hallingdal som publikum får på kjøpet. Så her vert det ein hallingkveld i hovudstaden.