God stemning i kulturkyrkja
Det vart både roleg og rocka då Bjørn Eidsvåg fylte Geilo kulturkyrkje sundag.
Medan vinden herja rundt veggene tok ei fullsett kulturkyrkje imot artisten sundag kveld.
Det var nesten på dagen eitt år sidan han sist stod framfor kulturkyrkjepublikumet, og han skuffa ikkje.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette blir bra, dette har eg gleda meg til lenge, var opningsreplikken hans då han gjekk på scena.
På førehand hadde han lova ein «tøff, men nedpå» konsert, og Eidsvåg heldt ord. Frå opninga med ein akustisk versjon av «Eg ser» gav han publikum både kjende låtar og eigne favorittar i den vel halvannan time lange konserten.
Historier
Det var ein artist som gav av seg sjølv som stod på scena.
Bjørn Eidsvåg delte villig historier om mellom anna farens død, barndomsminne frå huset til besteforeldra og opplevingar frå åtte års arbeid i psykiatrien.
– Eg har enorm respekt for songens betydning. Denne skreiv eg til ei jente eg trefte då eg jobba på sjukehuset, sa artisten før bandet spelte opp dei fyrste tonane til «Skyfri himmel».
På lista over låtar han og bandet varta opp med under kyrkjetaket, var også «Floden», «Føtter på fjell» og «Landet lenger bak», samt ei eiga tolking av salmen «Ein fin liten blome»
Nøgd
Sjølv om ikkje Eidsvåg og bandet leverte julesongar, kom den rette julestemninga likevel tidleg då Geilo musikklag og Nesbyen Hornmusikklag spelte julesongar i starten av konserten, og avslutta med Nordnorsk julesalme.
Det toppa seg då ekstranummeret heilt til slutt var allsang av Deilig er jorden, anført av Eidsvåg til tonar frå korpset.
Artikkelen held fram under annonsen.
Godorda var mange då folk forlét salen etter konserten, og for artisten sjølv var det viktig at publikum hadde ei god oppleving.
– Eg håpar folk sit att med ei ro og ei god kjensle når dei går ut herifrå, at dei kjenner at dette var fint å vere på, sa Eidsvåg til Hallingdølen.
Hyttejul
Han var glad for å vere attende i kulturkyrkja og gjorde opp for det han sjølv meinte var ein middels innsats for eit år sidan, då han heldt konsert med sjukdom i kroppen.
– Eg synest det var ein fin konsert i kveld, og dette er ei fin kyrkje å vere i. Eg er ofte på Geilo og trivst godt her, sa han.
Etter siste konsert sundag, tok Bjørn Eidsvåg juleferie og sette seg i bilen.
– No skal eg opp til hytta i Skurdalen, og der skal eg bli lenge, sa han.