God Seed er Tom Cato Visnes (nr to frå venstre), Kristian Espedal, Stian «Sir» Kårstad, Kenneth Kapstad, Geir Bratland og Lust Kilman.
God Seed er Tom Cato Visnes (nr to frå venstre), Kristian Espedal, Stian «Sir» Kårstad, Kenneth Kapstad, Geir Bratland og Lust Kilman.

God Seed er plateaktuell

King ov Hell og Gaahl har skrive på musikken sidan 2009. I oktober kjem «I begin».

I haust kjem det første studioalbumet til God Seed. Tre år med skriving for Gaahl og King ov Hell har resultert i «I begin». Bak bandet står golingen Tom Cato Visnes (King) på bass og Kristian Espedal (Gaahl) på vokal.

For få år tilbake skapte dei store avisoverskrifter verda over med bandet Gorgoroth på grunn av ekstreme konsertshow. Nakne kvinnekroppar og blod var av hovudingrediensane. Trass i speleforbod og fordøming frå sjølvaste Paven, var det intern namnestrid i bandet som sette punktum for det blodige eventyret. I dag er det bandmedlemet Infernus som har retten til å bruke Gorogorth-namnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

God Seed har tidlegare gitt ut ei live-skive, mens studiodebuten no er sett til 30. oktober. Tidlegare i år presenterte Gaahl og King ein ny line-up med heile seks medlemmer. Dei er ikkje kven som helst heller. Kenneth Kapstad frå Motorpsycho spelar trommer. Geir Bratland kjem med keyboards frå Dimmu Borgir. Stian «Sir» Kårstad (Djerv) og Lust Kilman (Grimfist) spelar gitar. Dermed er tida som duo over.

King sa i ei pressemelding tidlegare i år at «vårt mål er å utgi et album som vil låte annerledes enn hva vi har gjort tidligere». 30. oktober kjem fasiten.