Odd Nordstoga held ein flott konsert for fullsett kulturkyrkje på Geilo.
Odd Nordstoga held ein flott konsert for fullsett kulturkyrkje på Geilo.

Fullt hus på Nordstoga

Geilo kulturkyrkje var smekk full då Odd Nordstoga hadde konsert laurdag kveld. Han hadde publikum med seg frå fyrste til siste strofe.

– Velkomme alle saman. Det var artig at det kom så mange, sa Odd Nordstoga då han entra scena i lag med bandet sitt.

– Det er ein flott gjeng som er samla her, men utanfor står ei bikkje og remjar og vil inn, smilte Nordstoga før han drog i gang med nettopp den songen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kven trur du att du er

Nordstoga prata og fortalde innimellom låtane, og presenterte bandet med latter og klapping frå publikum.

– Eg var med på eit tv-program som heitte «Kven trur du att du er», og der var det ein som fortalde meg noko etter at kamera var skrudd av, som eg syns var utruleg godt sagt. Og det var at ein kan ikkje krype inn i eit anna menneske sit hovud, fortalde han. Det var litt av grunnen til låten «Hemmelegheit».

- Då me feira 100-års jubileum for landet vårt i fjor, trudde eg at NRK hadde bedt meg om å skrive ein song til eit tv-program eg var med på i den samanhengen, og så viste det seg at det var manageren min som hadde masa på NRK om at eg måtte få skrive ein song. Men det vart no i alle fall ein song om dette vakre landet som me lever i, sa han før han drog i gang med «Dette landet».

– Eg lærte alt i femteklasse at dette var ein pengemaskin, seier Odd Nordstoga
– Eg lærte alt i femteklasse at dette var ein pengemaskin, seier Odd Nordstoga
Både publikum og Nordstoga sjølv var fornøgd med konserten i Geilo kulturkyrkje.
Både publikum og Nordstoga sjølv var fornøgd med konserten i Geilo kulturkyrkje.

Allsong

Etter ein times tid, gjekk bandet av scena, og Nordstoga stod att aleine.

– No skal eg ta ein song på oppfordring, så no blir nok konserten litt lengre. Men eg kan jo ta litt mindre vitsar, smilte han til latter frå publikum. Etterpå drog han fram trekkspelet sitt, og fortalde at han hadde stått på gata i Oslo saman med syskenbarnet sitt, og tente 7300 kroner på å spele viser for sjømannsfruer. Då skjøna han at trekkspelet avla pengar.

Deretter lærte han publikum å synge refrenget til «Oppå himmelen».

- Eg merkar at eg er i eit dalføre no. Det er litt same kulturen som i Vinje. Er ikkje akkurat Italienske tilstandar, meiner han om den litt spede begynnande allsangen. Han tok det heile om att ein gong til, og denne gongen kom det meir kraftig song frå publikum. Og etterpå kom sjølvsagt «Kveldssong for deg og meg», der publikum trødde til og var med og song.

I tillegg fekk publikum høyre mange andre av dei kjente låtane, som Texas, Frk. Franzen, Heim til mor, Aleine, samt den han har lovd seg sjølv å alltid avslutte med «No er tivoliet over».

Artikkelen held fram under annonsen.

Fantastisk konsert

– Me oppdaga at Odd Nordstoga skulle spela her i kveld, og då heiv me oss rundt og kjøpte billettar, fortel Anne Wiese frå Oslo. Ho og mannen Ludvig har hytte på Geilo og er oppover så ofte dei kan frå august og til mai.

– Det var ein fantastisk konsert i kveld. Kan du signere denne cd-en til Anne? spør Ludvig Wiese Odd Nordstoga når dei står ute i kyrkjetorget etterpå.

– Artig at det var fullt hus. Men det varte ikkje for lenge da? Eg tok ein låt ekstra, spør Nordstoga. Wiese forsikrar Nordstoga at kvart sekund var ein nytelse.

Nordstoga signerer både t-skjorter og cd-cover til dei som spør. Og alle takkar for ein flott konsert.

Til og med ein femtilapp signerer han for ein som har som hobby å samle autografar på pengesetlar.

– Dette er vel ein dyr hobby, ler Nordstoga.

Tre i Buskerud

Det er ikkje meir enn ei veke sidan han spelte i Ål kulturhus. Etterpå går turen vidare til Drammen.

– Eg er veldig glad i Hallingdal. Det er alltid så god stemning her og kjempebra med folk som kjem. Det er artig, nikkar Nordstoga og er veldig fornøgd med kvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er jo ei kyrkje me spelte i her, og det er ekstra stas med dei rolege balladane, for då får du litt høgtid med på kjøpet, meiner han. Derimot litt vanskelegare med dei raskare låtane, så automatisk blir det ein rolegare konsert i eit kyrkjerom.

– Men eg syns dei raskare låtane fungerte bra også. Det er veldig bra lyd her, avsluttar han.