Fröhlich med sin andre Proktor
Fredag er det premiere på «Doktor Proktors tidsbadekar» på norske kinoar.
– Som vanleg er det nervepirrande og eg er kjempenervøs, seier regissør Arild Fröhlich før premieren på sin nyaste film. Han har svidd av 46 millionar kroner. Ikkje på promp denne gongen, men på tidsreiser.
– Eg ville ikkje lage den same filmen ein gong til. Ikkje at «Prompepulver» ikkje var god, men «Tidsbadekar» er ein mykje betre film, seier regissøren, passeleg smålåten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kan bli ein nummer tre
«Doktor Proktors Prompepulver» vart sett av 380.000, og dermed den tredje best besøkte filmen på norske kinoar i 2014. Når no film nummer to kjem, kjem på ein måte også dommen over den første.
Går «Doktor Proktors tidsbadekar» like bra, er sjansane store for at Jo Nesbøs «Verdens undergang, kanskje», også kan bli film.
Manusarbeidet er i gang. Men skal det bli noko av, må det skje raskt. Både hovudrolleinnehavarane, Emily Glaister (Lise) og Eilif Hellum Noraker (Bulle), og publikum veks seg snart ut av Doktor Proktors filmunivers.
– Eg vil i alle fall ikkje lage noko tredje film utan dagens Lise og Bulle i hovudrollene, seier Fröhlich.
Ingen blåkopi
«Doktor Proktors tidsbadekar» er ingen blåkopi av forløparen. Filmen er, i likskap med bøkene, nesten i ein annan sjanger. No er det actionkomedie med ei kjærleikshistorie som driv filmen fram, eller tilbake om du vil.
Lise og Bulle må nemleg reise tilbake i tid får å endre på framtida. Proktor sit fast i fortida, og i forsøket på å redde han kjem dei innom både Napoleon, ein giljotin under den franske revolusjon, Jeanne d’Arc og heksebrenning.
Ny doktor Proktor
Atle Antonsen vart «drepen» i film nummer éin, som Herr Trane, men no vender han tilbake i rolla som Claude Cliché.
Sjølv ikkje Doktor Proktor er den same. Kristoffer Joner diskvalifiserte seg sjølv frå rolla då han takka ja til Oscar-regissør Alejandro Gonzáles Iñárritu sitt westerndrama «The Revenant».
Artikkelen held fram under annonsen.
- Gard Eidsvold tek godt vare på karakteren, og sidan dette er eit kjærleiksdrama, gir han karakteren ein fin varme, seier Fröhlich.
Styrer unna filmkritikkar
I likskap med andre filmar regissøren frå Gol står bak, er også denne full av liv og røre.
– I doktor Proktors univers er alt skrudd opp til 11. Eg likar å skru ting til 11, seier han.
Det neste som må skru seg til er budsjettet, dersom det skal kome endå ein oppfølgjar.
Budsjettet har auka frå 42 til 46 millionar kroner frå «Prompepulver» til «Tidsbadekar».
– Det høyrest mykje ut, men ein kunne glatt brukt 46 til. Alt har gått med til filmen, seier regissøren. Skulle det bli ein nummer tre vil budsjettet måtte aukast ytterlegare.
– Kva gjer regissøren på premieredagen?
– Eg les ikkje filmkritikkar. Det er for å skåne meg sjølv. Eg blir berre sur og lei dersom eg ikkje samd, uansett om det er god eller dårleg kritikk, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Fødd 22. september 1972, Gol
* Utdanna i ved Høgskulen i Volda (fjernsyns- og dokumentarfilm)
* Har regissert bl.a.: Folk flest bor i Kina (2001), Åpen Post (2002), Uti vår hage (2003), Pitbullterje (2005), Fatso (2008), Helt perfekt (Sesong 1-4, frå 2011-2014), Doktor Proktors prompepulver (2013), Doktor Proktors tidsbadekar (2015)