Fårete folkefest
Folk let seg lokke ut i sentrum under den sjette Fårefestivalen på Gol. Éin deltakar kom køyrande frå Hol i ein traktor frå 1960.
– Han er ein kveiking til å vera 55 år gamal, seier Jon Egil Bråthen.
Veteranmoro
Holingen klatrar inn i ein knallblå Fordson Dexta frå 1960. Veterantraktoren er ein av mange som står utstilt i Gol sentrum denne laurdagen. Det er Fårefestival, for sjette år på rad. Sau, ull, mat og jordbruk står i høgsetet. Sjølvsagt høyrer gamle traktorar med.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg reiste frå Hol kvart over ni i dag morges og møtte dei andre i veterantraktorklubben på Tuppeskogen halv elleve. Traktoren min gjer rundt 35 kilometer i timen. Du må ta mykje meir omsyn enn elles, og du må passe på å kome deg inn og stoppe alle stader du kan stoppe. Men eg møter ingen sure miner nokon stad. Folk ser dei ligg bak ein gamal traktor og synst det er litt moro, seier Bråthen, medlem i Hallingdal Veterantraktor Klubb.
Supersprettert
Spel og underhaldning høyrer òg med til ein festivalhelg, og i nærleiken av rundkøyringa har fire unge karar stilt seg opp framfor ein kjempesprettert. Det er vanskelegare å treffe blink med det samansnurra saueskinnet enn det ser ut til, kan dei røpe.
– Det er ingen av oss som har treft enno. Men det er gøy at det er så mykje å finne på her, seier Sivert Slettemoen.
– Då sit me ikkje inne heile tida. Det blir litt mykje av det elles, nikkar Amund Skredegård.
Strikkekafé
Lenger opp i gata sit golingen Anne Marie Bråten saman med Gunnhild Kvammen frå Arna utanfor Bergen.
– Me har nett blitt kjent, stråler dei to damene medan strikkepinnane går på autopilot.
Strikkekafé har vorte eit fast innslag utanfor Husfliden når Fårefestivalen går av stabelen. Rundt 25 strikkeglade har vore innom i dag, laurdag.
– Det er veldig sosialt, og ein lærer mykje når ein ser og høyrer om det dei andre har strikka, seier Kvammen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me pratar og drikk kaffi medan me strikkar – det er veldig avslappande. Og det er veldig, veldig alright å kunne skape noko sjølv. Eg er stolt over å bere klede eg har laga, seier Bråten.
– Fårefestivalen er midt i blinken for oss, seier Anita Knaldre, dagleg leiar i Husfliden. – Me trekk fram skinn- og ullprodukt på ein dag som denne.