Englane song for full sal
Nær 30 unge songarar var med å løfte årets julegudsteneste i Gol kyrkje til nye høgder. Sjeldan har kyrkja vore fullare.
– Kanskje me må starte med fleire julegudstenester, seier Trygve Smedsgård Lono i det det har passert kring 460 personar over dørstokken til Gol kyrkje juleftan. Kyrkjeverten, som står i døra og delar ut dagens program, har aldri opplevd maken.
– Eg har aldri vore med på at det har vore så fullt, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Full kyrkje
Benkene var fullsett før klokkene hadde ringt frå seg. Då dei første orgeltonane til Justin Vickery hadde lagt seg var også sideradene langt veggane fulle, og resten måtte dermed stå.
Sokneprest Jan Olav Skinnemoen kunne gle seg over ei sprengfull kyrkje.
«Englekor»
Kanskje var dei 25 unge songarane medverkande til det gode frammøtet. Dei løfta i alle fall julesongen både då dei framførte «The Snow» av Edward Elgar frå koret, og då dei supplerte kyrkjelyden som eit englekor frå galleriet etterpå. I korte augneblink var Gol kyrkje nesten som ein katedral å rekne.
Songarane var tidlegare og noverande songelevar ved Gol kulturskule og medlemmer av ungdomskoret Tapas, troppa i hop av dirigent Gunhild Gåsvik for høvet.
Adresseendring
Presten har flytta ut av prestebustaden i år og hadde slik gjort deg nokre erfaringar om dette med flyttemelding. Det har også nokre klare parallellar til juleevangeliet.
– Julenatta skifta også Gud adresse, sa han før han deretter gjekk gjennom utfyllinga av skjemaet saman med kyrkjelyden.
– Flyttedato, den er jo grei, for det er jo 24. desember år null, og den nye adressa gjeld jo frå æve til æve. Men kven skal me sende denne meldinga til? Det må jo bli alle det, spurde og svara han.
Travel utgang
Før folk pressa seg ut av kyrkja for å helse kvarandre god jul på kyrkjetrappa fekk dei også med seg ein sjeldan flott versjon av «Himmel på jord», servert av Stina Flaget og Hedda Elise Røysi Kaslegard.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var ikkje deira skuld at køkulturen vart gløymt ut då det stunda mot julemiddagstid for dei frammøtte. Vel hadde folk det travelt med å kome seg i kyrkja, men dei hadde det jammen travelt med å kome seg heim også.
Det blir neppe like trongt når kyrkja inviterer til «Aftensong», nyttårseftan.