Aage Kolberg (gitar) og Dag Kristoffersen (trommer).
Aage Kolberg (gitar) og Dag Kristoffersen (trommer).

Engelfjes kom til sine eigne

Englefjes serverte låtar med hitpotensial. Men trioen vil ikkje bli popstjerner. Dei prioriterer kone, barn og fast jobb.

Englefjes lagar melodiøs visepop med stor allsongfaktor. Tekstane rommar alt frå kvardagsirritasjon over småstein i skoen til filosofering over store spørsmål i livet. Laurdag hadde bandet lanseringskonsert for sitt nye album på Dessertland. Albumet er gitt ut som ein trilogi – fjorten låtar fordelt på tre EP-ar.

Fleirstemt allsong

Gitarist Roger Syversrudengen og pianist Jørn William Kolberg kjem begge frå Nes. Saman med bassist Evald Fjærgård, er trioen grunnstamma i Englefjes. Laurdag hadde dei også med seg nesningen Aage Kolberg på gitar og Dag Kristoffersen på trommer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Syversrudengen jobbar som lærar på Gol skule. Det viste att i publikum. Framfor intimscenen sat kollegaene tett i tett. Dei kunne tekstane på halvparten av låtane. På nokre av songane bidrog publikum med fleirstemte korstemmer.

– Dei leverte ein sterk søknad for å vere med å kore på vårt neste album, flirer Syversrudengen.

– Me har eit trufast publikum. Dei mest trufaste kjem frå Nes og Gol. Og så har me to trufaste fans frå Bergen. Dei har vore på alle konsertane våre.

Kenneth Smørdal på fyrste benk kom eins ærend frå Bergen for å få med seg sleppfesten til Englefjes.
Kenneth Smørdal på fyrste benk kom eins ærend frå Bergen for å få med seg sleppfesten til Englefjes.

Bandet har tidlegare gitt ut tre album. Nokre av låtane har nådd breitt ut. «Ett sekund» har blitt spelt meir enn 250.000 gonger på Spotify. Det viser at bandet har eit potensial også utanfor lærarrommet på Gol skule.

– Kan bli popstjerner om dei satsar

I salen var stemninga forventningsfull før konsertstart.

– Kvifor er ikkje Englefjes like store som De Lillos? Det forstår eg rett og slett ikkje, seier Kenneth Smørdal på fyrste benk. Han var éin av dei to frå Bergen som kom eins ærend for å få med seg konserten. Smørdal jobbar som underhaldningssjef i Fjordline, men var ikkje i Gol for å drive booking.

– Eg er inhabil, for eg er her som fan og kompis. Men eg meiner at bandet kan nå langt om dei satsar. Englefjes har funne si form. Låtane har djupe og underfundige tekstar. Og med dei siste EP-ane har dei gitt musikken ein profesjonell sound, seier han.

Nøktern popstjerne

Trass i tilbakemeldingane frå fanskaren, mistar ikkje Syversrudengen bakkekontakten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er hyggeleg å spele på små og intime scenar. Det er slike konsertscenar som kler bandet best. Det ville blitt glissent i kulturhuset. Ambisjonen er å ha noko kjekt å drive med. Det er moro å spele saman og ha ein konsert i blant. På grunn av ungar og jobb og familie, blir dette eit hobbyprosjekt. I dag er det lett å gjere musikken tilgjengeleg, men det er ikkje lett å tene pengar på platesal. Men eg vurderte å gå ned til 99 prosent stilling då eg fekk utbetaling frå TONO, flirer han. Målet er å få til ein ny konsert i Hallingdal til sommaren.