Ei levande utstilling
Fotograf Trygve Indrelid selde bilete for kva utstillinga kosta, alt før utstillinga vart opna.
– Kommunen sørga for at det vart utstilling, seier ein glad fotograf rett før dørene opna i Galleri Syningen laurdag. Trygve Indrelid var i haust bokaktuell etter å ha følgt Hellbillies i eit drygt halvt år. Bilete av bandet, som feira 25-års jubileum i fjor, prydar no veggene i galleriet i Ål kulturhus. Men hadde det ikkje vore for Ål kommune, er det slett ikkje sikkert det hadde vorte nokon utstilling.
Søkte sponsorar
– Eg prøvde å få tak i sponsorar her oppe, i høve utstillinga. Men det synte seg ikkje å vere så lett, fortel Indrelid. Ikkje før han spurte kultursjefen i Ål kommune, Hilde Bjørnsvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ho kunne ikkje sponse utstillinga direkte, men kommunen kunne tenkje seg å kjøpe utsmykking til det nye helsebygget, fortel Indrelid. På utstillingsopninga var det representantar for utsmykkingskomiteen til stades for å sjå på aktuelle verk. Og her var det nok å velje mellom. 44 fotografi trykt på aluminium, frå Hellbillies rundreise i Norge, heng på veggene fram til 23. februar. Indrelid har sjølv hengt opp heile utstillinga som vart flytta frå Popsenteret måndag og kom til Ål onsdag. Kva for bilete som blir vald som utsmykking til nye Hallingdal sjukestugu, er enno ikkje heilt klarlagt.
Å sjå alle dei levande bileta på veggene, alle folka, fotografen og ikkje minst bandmedlemmar frå Hellbillies, gav utstillinga ein ekstra dimensjon. Det handlar ikkje berre om ei utstilling, men nærare ein dokumentar om eit band med sterke røter i bygda – og i Norge elles også. Her får publikum ein levande smakebit gjennom fotodokumentaren på veggen.
Lektor Johnsen
Til å opne utstillinga, hadde Indrelid fått ingen ringare enn sin gamle historielærar frå ungdomsskulen, lektor John Johnsen.
– Eg hugsar så godt lektor John Johnsen som inn i klasserommet som ny historielærar. Stilig kledd i dress og med svart innfatning i brillene. Han gjorde eit djupt inntrykk på meg. Han var så stilig, fortel Indrelid. Og om Indrelid sjølv meiner han var ganske så fæl då han var elev på skulen, hugsa lektor Johnsen ingen ting av den sorten. Han var heller ganske så stolt av sin tidlegare elev som han har følgt som ivrig lesar av Aftenposten der Indrelid var fotograf gjennom mange år.
– Som gamal historielærar er det ei glede å sjå at det no er Trygve Indrelid som får plass i historiebøkene, som ein del av vår nasjonale fotohistorie, smilte Johnsen og erklærte utstillinga for opna.
Skulle vere der
Bandmedlemmar i Hellbillies var sjølvsagt også til stades under opninga. Dei har jo hatt tett kontakt med fotograf Indrelid som har følgt dei som ein skugge på konsertturne land og strand rundt i Norge.
– I starten la me merke til at han arbeidde. Etter kvart merka me ikkje noko til det. Og på slutten skulle han liksom berre vere der, smiler Aslag Haugen. Han har sjølvsagt sett bileta i jubileumsboka, men ein del av bileta på utstillinga var nye også for han.
– Det er kult å sjå. Indrelid har klart å fange litt av det sirkuset som me driv med, seier Haugen og stiller seg opp framfor det største biletet som nesten fyller ein heil vegg. Det er eit driv i biletet, og me kan nærmast kjenne litt på konsertstemninga berre ved å sjå på det. Slik er det forresten med dei fleste bileta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og som trommeslagar Bjørn Gunnar Sando i Hellbillies uttala då han fekk høyre at nokre av bileta skal smykke ut det nye helsebygget; «Blir dei ikkje friske då, så veit ikkje eg».