I ein fullsett bygghall spelte Daniel Kvammen avslutningskonsert for elvane før dei tok sommarferie.

– Eg har tatt mange dårlege val, som å gå på Gol vidaregåande skule

Daniel Kvammen song elevane ut i sommarferien og angrar sjølv på at han ikkje valde yrkesskulen.

Sola skin og latteren sit laust på skuleplassen ved Ål vidaregåande. Det er siste skuledag for elevane før sommarferien.

Takka vere EO-fondet frå elevorganisasjonen har elevrådet ved skulen skaffa midlar til å få Daniel Kvammen til å halde konsert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Elevane jubla for det nye tilbodet: — Dei skulle fått ein pris for alt saman!

Monica Sorteberglien smiler. Det er hennar aller siste skuledag på Ål. Ho har gått påbygg til generell studiekompetanse

– Planen er å jobbe eit år før eg vil begynne å studere, fortel ho.

Monica Sorteberglien (19) frå Ål er ferdig med påbygg og vidaregåande. No tenker ho å jobbe eit år før ho begynnar å studere

Alle hennar tre skuleår har på ulike tidspunkt vore prega av pandemi og ulike tiltak.

– Tidvis har det vore tungt. Mykje usikkerheit, og det har påverka undervisninga.

No gler ho seg til konsert.

– Det blir veldig kjekt, seier ho.

Kassegitar

Det er spesielt og på mange måtar ei gulrot etter tunge tak på skulen under koronatida, å få ein så stor artist som Kvammen inn i verkstadhallen på skulen.

På scena stod geilingen med kassegitar og ein kollega på piano. Kvammen sjølv påpeikte at lydbiletet vart litt melankolsk og roleg for ei skuleavslutning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Sjekk folkemengda som kom på Kvammens spontankonsert: – Ei heilt sinnssvak oppleving

– Det er jo siste skuledag, og de har vel masse planar og skal ut å feste. Men her kjem nokre låtar i litt høgare tempo, men med like triste tekstar, sa Kvammen og spelte låtar som «Me dansar ikkje for moro skyld» og «Du fortener ein som meg».

Daniel Kvammen spelar på skuleavslutninga hjå Ål vidaregåande skole.

Kvammen hausta særs mykje applaus då han prata om å ta dårlege og gode val.

– Eg har tatt mange gode val, men og nokre dårlege. Som å gå på vidaregåande på Gol og ikkje i Ål.

Allsong

Geilingen runda av den times lange konserten med å trekke fram hallingdialekten og uttrykte takksemd for å få kunne bruke den i musikken. Kvammen oppfordra særleg gutane til å prate halling, særleg fordi dialekten har ei evne til å trekke damer. Han prata med erfaring.

Som avslutning vart det coverversjon av Hellbillies-hiten «Den finast eg veit». Og det var populært.

Leah Fossgård Borgen og Nora Maria Fløysand var godt nøgd etter konsertslutt.

– Me har høyrt mykje på Daniel Kvammen og er fans. Det betyr mykje at han kom hit til oss, seier dei.

Daniel Kvammen: Nora Maria Fløysand (til venstre) og Leah Fossgård Borgen er store fans av Daniel Kvammen
Les også
Grønt lys for alternativt bustadfelt - men eitt parti ville avvise initiativet
Les også
Bjørn Dæhlie brukar millionar på skisatsing - har funne plass til Guro og Marte
Les også
Kjøper garden for 11 millionar - no har politikarane sagt sitt