Dobbelpremiere på nyskriven dramatikk
To uavhengige teatergrupper har premiere på same stykke – «Bønn for Anna» av Torun Lian.
Ikkje mindre enn to unge teatergrupper i Hallingdal har denne helga terpa replikkar. Tysdag og onsdag har dei premiere. Begge skal spele det same stykket, «Bønn for Anna» av Torun Lian. Stykket er spesialskrive for DUS –Den Unge Scenen.
Klart for teaterfestival i mars
– DUS er teaterets svar på Ungdommens kulturmønstring, seier Gry Tøsdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho er regissør for Hallingdal Ungdomsteater, som vart stifta i haust. Den andre gruppa som set opp stykket er andreklassingar på dramalina ved Gol vidaregåande skule.
I mars reiser begge gruppene frå Hallingdal til Drammen for å spele på Brageteateret. Er dei heldige, blir dei plukka ut til å representere Buskerud i ein landsfinale på Det Norske Teatret i mai.
– Både fylkesfinalen og landsfinalen er som ein stor teaterfestival. Skodespelarane får sjå andre grupper sine oppsetjingar og dei får innspel på sitt eige spel frå proffe teaterfolk, seier Tøsdal.
– Poetisk og filosofisk
Pernille Landrø vart plukka ut til å spele hovudrolla som Anna då Hallingdal Ungdomsteater inviterte til audition i september.
– Det er eit poetisk og filosofisk stykke som vekslar mellom fortid, notid og framtid, seier ho.
«Bønn for Anna» handlar om Anna, som har mista livet i ei bilulykke. I stykket hentar ho fram vener og familie og tek farvel.
– Det er trist, men også fint. I replikkane ligg det gode refleksjonar rundt store spørsmål. Stykket gjer oss bevisst på at det er eit liv etter døden for dei som lever att. Det handlar om å akseptere at nokon er borte og hugse dei gode minna, seier ho.
Har blitt ein betre lyttar
Under prøveperioden har dei unge skodespelarane fått nyte godt av profesjonell rettleiing. I helga følgde Terje Hartvigsen frå Brageteateret prøvane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Har du lært noko?
– Ein blir ofte så fokusert på sine eigne replikkar. Eg har lært å bli betre til å lytte til dei andre – då blir både kroppsspråk og samspel mykje betre, seier Landrø.