Signe Seim les inn dikt til CD-en som ligg ved den siste diktsamlinga hennar.
Signe Seim les inn dikt til CD-en som ligg ved den siste diktsamlinga hennar.

Dikt med band til Leveld

Fjellets diktar Signe Seim er ute med bok og CD.

Lyrikaren Signe Seim har sterke band til Leveldbygda, og bygda til henne. Signe og Nils Hjelmtveit Seim kom til Leveld i 1954, der to lærarpostar var ledige. Der slo dei røter og fann sin plass i bygda og mellom bygdefolket. Ikkje minst fann dei seg til rette i naturen.

Signe Seim er blitt kalla «fjellets diktar». Fjella i Leveld står sentralt i diktinga hennar, og er ramma for mange av dikta. Ho ferdast mykje og ofte i fjellet, og tok gjerne med seg soveposen til fjells og låg under open himmel for å kjenne korleis den første frostnatta tok tak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heime

Signe Seim er fødd på Voss, der ho bur i dag. Opphaldet i Leveld varte 16 år. Alle hennar fem born er fødde der.

– For heile familien er Leveld ei heimegrend, og hytta i Nysetlia er svært ofte i bruk, sa ho til Hallingdølen i eit tidlegare intervju.

– Opphaldet i Leveld var viktig. Bygda, folket og naturen betydde mykje for oss. Folk var interesserte, både i det historiske og i det skrivne ordet, sa ho.

Det måtte vera her.
Det måtte vera her.
Akvarell av Brit Honne Paulsen.
Akvarell av Brit Honne Paulsen.
Også i år er Signe Seim gjest på årets bokmesse. (Arkivfoto)
Også i år er Signe Seim gjest på årets bokmesse. (Arkivfoto)

Kjende noko

Alt som ungjente hadde Signe Seim teke til å skrive.

– Ein dag sat eg der med papir og blyant og prøvde sjølv å skriva noko om dette ein kjende inni seg, men ikkje heilt visste kva var, skreiv ho i forordet til ei diktsamling. Og det ho kjende på, viste seg å bli til dikt, den første diktsamlinga hennar kom i 1960 med tittelen «Trø varleg min fot». Sidan då har ho gitt ut åtte diktsamlingar, ein roman, to barnebøker, fleire skodespel og emnehefte for skulebruk, omsett bøker til nynorsk og medverka i barnetimen for dei minste i NRK. Ho har fått fleire prisar.

Dikt

Kvifor valde ho diktet som uttrykksform?

– I min barndomsheim var diktet alltid framme og i bruk, sa ho til Hallingdølen i 2009. Både mor og far var svært glade i dikt, og namn som Olav Aukrust, Tor Jonsson og Tore Ørjasæter stod sterkt. Eg vaks altså opp med diktet. Difor har eg halde fast ved diktet som uttrykksform. Diktet er noko du kan gå inn i. Det rører ved ein klangbotn inne i deg. Eit dikt er litt ord, litt bilete og litt musikk. Gjennom diktet kan du med få ord trekkje ut det essensielle i det du møter og opplever. Gjennom diktet opplever du eit indre liv, sa Signe Seim.

Utval

I dag er Signe Seim 83 år, og ein av gjestene på årets bokmesse, som så mange gonger før. I dette høvet har Leveld Kunstnartun og Boksmia forlag samla eit utval av dei dikta hennar som er knytte til Leveld, til bygda og til fjellet. Dette er dikt frå 60- 70- og 80-talet. Og Signe Seim har sjølv gjort utvalet. Ho gir også Leveld Kunstnartun si varme støtte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nils og eg bur for langt unna til å delta i praktisk dugnadsarbeid på kunstnartunet. Kanskje kan denne vesle diktsamlinga vere min vesle dugnadsinnsats?

Boka er illustrert med akvarellar av Brit Honne Paulsen. Med boka følgjer det ein CD der Signe Seim les dikt, til musikk av Eilif Gundersen.