Det er att bra med Leikskeid-billettar
Nokon hadde måndag morgon stelt seg kø då billettsalet opna til årets Leikskeid i Iungsdalen. Men det er bra med billettar att.
Når det fjerde Leikskeid går av stabelen laurdag 25. august, står Ole Edvard Antonsen og bandet hans, Valkyrien Allstars, og Audun Haugeplass.
Etter fyrste dag med billettsal, var det kjøpt om lag 300 billettar. Totalt er det lagt ut 800 billettar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Billettar att
– Fyrste året var det inne 350 på konserten, og me håpa å selja tilsvarande tal med billettar fyrste salsdagen. Det greidde me nesten, seier kulturhusleiar i Ål, Thor Olav Fjellhøi.
Men det er altså bra med billettar att. Fjellhøi seier dei framover i større grad vil marknadsføre konserten mot hyttemarknaden og reiselivet.
– Det spreier seg fort rykte om at Leikskeid-arrangementet er utselt. Men det er det ikkje. Det er berre å kjøpe billettar, seier Fjellhøi som har ambisjonar om eit utselt Leikskeid også i 2012.
Utvidar kapasiteten
Det er plass til mange tilhøyrarar på grasbakken utanfor Iungsdalshytta. Det som avgjer kor mange billettar som blir lagt ut for sal, er kapasitet på matservering og sanitærforhold, samt båtskyss for dei som treng det. I år har arrangørane sett grensa ved 800 personar.
Det blir også vurdert å lage eit overbygg dersom vêrmeldingane tilseier det.
Det fyrste Leikskeid vart arrangert i 2009, med Kari Bremnes på scena. I fjor var det Henning Kvitnes, Jonas Fjeld, Kvarts og Bjørn Eidsvåg som lokka folk til fjellheimen.