Bandet Gods of Nowhere med Øyvind Nestegard, Jostein Lid, Kjetil Økland og Anders K. Folkedal Hajem fekk i to heile dagar hjelp til å koma vidare med ideen sin, og dei fekk prøve seg på sena.
Bandet Gods of Nowhere med Øyvind Nestegard, Jostein Lid, Kjetil Økland og Anders K. Folkedal Hajem fekk i to heile dagar hjelp til å koma vidare med ideen sin, og dei fekk prøve seg på sena.

Blir tryggare på scena

Hallingdalsungdommen fekk grundig oppfølging av proffe instruktørar i kulturhuset i helga.

26 kulturutøvande ungdommar mellom 12 og 19 år var med på UKM Camp i Ål kulturhus, og fekk utvikla ideane og talenta sine.

– Dei er veldig, veldig flinke, så det er kjempeartig. Moro for oss vaksne og, å gå imellom øvingsromma og sjå, seier Anne Berit Gudbrandsgard, som er UKM-kontakt i Ål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kreative

Ho skulle gjerne sett fleire fjes med ein kunstutøvar eller sceneteknikar i magen, og nokre av dei seks kursa var det ikkje nok påmelde til å halde.

– Det vart ikkje dans, og ikkje kunstcamp. Det er noko me håpar me kan få til seinare, seier Gudbrandsgard.

På vokalgruppa vart seks jenter instruert av songar Sandra Erstad, og på campen for band og musikarar utfalda to band og ei låtskrivargruppe seg kreativt med hjelp frå instruktør Borgar Storebråten.

Etter eit par timar med songtrening var det vakre tonar som kom ut av Anita Kleppen Nilsen (t.v.), Kristin Botnen, Marie Bergo, Inger Helene Harham, Astri Høgset og Guro Laa.
Etter eit par timar med songtrening var det vakre tonar som kom ut av Anita Kleppen Nilsen (t.v.), Kristin Botnen, Marie Bergo, Inger Helene Harham, Astri Høgset og Guro Laa.
Det lukta tacogryte i heile kulturhuset då det var tid for lunsj for deltakarane laurdag. UKM-kontakt Anne Berit Gudbrandsgard koste seg med å følgje utviklinga til ungdommen.
Det lukta tacogryte i heile kulturhuset då det var tid for lunsj for deltakarane laurdag. UKM-kontakt Anne Berit Gudbrandsgard koste seg med å følgje utviklinga til ungdommen.

Eit av banda var band frå før, og hadde ein låt dei har lyst å spele på lokalmønstringa av Ungdommens Kulturmønstring (UKM) i januar. Det andre bandet vart til undervegs. To jenter jobba med låtskriving frå ide til ferdig produksjon.

Prøve og feile

– Det er veldig fint å få prøve ut ting litt på førehand, og få vist det fram til nokon som har gjort det før, seier Borgar Storebråten, som har vore med på UKM mange gonger.

– Det trengst slike konsept, der ein kan prøve og feile litt. Ein lærer mykje av det, seier han.

Etter to timar med vokaltrening i Skålen, var songar og instruktør Sandra Erstad imponert over jentene.

– Dei er fantastisk flinke. For ein positiv og blid gjeng, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og songarane er fornøgd med instruktøren. På berre eit par timar har dei lært mykje.

– Eg elskar å synge, og har alltid hatt lyst å vera med på UKM. Men eg har aldri tort, seier Inger Helene Harham frå Ål.

Saman med gruppa øvde ho på «Turning Tables» av Adele. Med litt øving og scenetrening trur ho at ho blir med på UKM denne gongen.

God læring

Sundag vart det ein intensiv teatercamp, og i Storesalen var det sceneteknikk som stod på plakaten. I tillegg til alle kunstformer, kan ein også melde seg på UKM som sceneteknikar. Sundag fekk alle deltakarane prøve seg på og bak scena, i ein liten minikonsert for kvarandre som avslutning på helga.

– Det er ei god læring i det å få vist seg fram og sjå kvarandre, seier Gudbrandsgard, som håpar fleire melder seg på UKM.