Marit Torsrud Nerol, Reidar Stenberg, Erik Søndrål og Tim Reidar Stenberg er klare for haustmarknad. Grønsakene er berre nokre av dei lokalproduserte matvarene folk kan kjøpe på haustmarknaden.
Marit Torsrud Nerol, Reidar Stenberg, Erik Søndrål og Tim Reidar Stenberg er klare for haustmarknad. Grønsakene er berre nokre av dei lokalproduserte matvarene folk kan kjøpe på haustmarknaden.

Ber inn til haustmarknad i Hol

Det ventar mykje god smak når Holet og Moen grendeutval dreg til med haustmarknad fredag.

Haustmarknaden er eit forsøk på å samle kreftene i øystre Hol.

– Me har mange som driv med lokalprodusert mat i bygda. Me må vise fram kva me har, seier Marit Torsrud Nerol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vise fram lokalmat

Det er fyrste gong det blir arrangert haustmarknad der ein samlar dei lokale matprodusentane rette etter skuleslutt.

Og kva ventar utanfor det gamle Jokerbygget? Jo, her blir det rømmegraut, ostar, pølser, fisk og vilt, grønsaker og sjølvsagt litt lokalprodusert godteri frå kring ti aktørar. Her blir det også ulike leikar og aktivitetar med både sau og hest.

– Me håpar dette kan bli eit årleg arrangement, seier Reidar Stenberg.

Drivaren av Prestholt Geitost kjøpte saman med sonen Tim Reidar det gamle Jokerbygget tidlegare i år. Og det er her marknaden skal vere.

– Me må vise bygdefolket og tilreisande kva me driv med, seier Stenberg.

FN-år for jord

Han står saman med Marit Torsrud Nerol, sonen Tim Reidar Stenberg og Erik Søndrål i det som heiter Nerol Andelshage.

Den vart stifta i mai med ti deleigarar, og er den einaste i Hallingdal. Jorda gir liv til grønsaker som spirer og gror i hagen. Her er det grønkål, blomkål, poteter, gulrøter, krydderurter. Ja, det meste ein kan ønske seg i ein grønsakhage. Grønsakene skal også gi god smak i form av ein velkjend rett.

– Me har eit samarbeid med Hallingskarvet skole. Sjuandeklassingane skal vere med og lage grønsaksuppe, seier Nerol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då passar det bra at 2015 er FNs internasjonale år for jord. Det blir også markert under haustmarknaden.