Kulturkortet.
Kulturkortet.

Avvikla kulturkort for ungdom

Det var like før jul at Buskerud fylkestinget vedtok at Kulturkort for ungdom skal leggjast ned i Buskerud. Frå midten av desember starta utfasinga som vil gå over ein periode på om lag seks månader.

Dei som nyleg har fornya Kulturkortet, vil dermed kunne nytte det ut tida dei har betalt for. Kulturkortet har vore eit tilbod for dei mellom 16 og 20 år. For 200 kroner kunne ein gå på ei rekkje arrangement i fylket berre for ein 50-lapp.