Avlyser konsert med Jonas Fjeld og Kvarts
Alle scenearrangement i Ål kulturhus er avlyst den neste månaden. Kinoen kan bere ha 50 i salen.
Første avlysing er den store konserten sundag med Jonas Fjeld og Kvarts.
– Me går ut med informasjon til kundane no, seier leiar Anita Bormann Skoglund onsdag ettermiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Avlyst ut mars
Avlysinga er ein konsekvens av dei strenge retningslinjene som er innført som ein følge av koronaviruset. I Ål og i fleire andre kommunar er det innført restriksjonar på maksimalt 50 personar i forsamlingar. Dermed er det klart at alle scenearrangement iallfall ut mars er avlyst. I tillegg har Riksteatret sjølv avlyst framsyninga 1. april. Det same gjeld Grease 25. april.
– Me må og skal rette oss etter dette. Alle må gjere sitt for å stoppe spreiinga av viruset, seier Skoglund.
Kino med restriksjonar
Dei som har bestilt billettar har i utgangspunktet ikkje rett til refusjon.
– Men me kjem til å sjå om me har moglegheit til å refundere noko. Men me ber om forståing for at det kan ta noko tid, seier Skoglund.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her
Avgjerda påverkar drifta av kulturhuset. Kor lenge, er heilt uvisst slik situasjonen i Norge er i dag. Men førebels driv dei kino med visse restriksjonar.
– Me har fått klarsignal for å vise kino med maksimalt 50 personar i salen, seier Skoglund.