Årets julekonsertar
Julesesongen nærmar seg. Hallingdølen gir deg oversikt over årets julekonsertar.
ER DU BLANT dei som kjenner julestemninga kome sigande ekstra raskt til tonar av julesongar og julesalmar – i tradisjonelle eller nye arrangement? Får du litt ekstra desemberro av å sjå julespel med historier om nissar og englar, om hjelp som kjem i akkurat rett tid, eller om ei julehøgtid som må reddast fordi nissen forsøv seg?
DET KULTURELLE juletilbodet i Hallingdal og Nore og Uvdal er variert og breitt i år. I kyrkjer i samtlege kommunar blir det arrangert førjuls-, advents- og julekonsertar. Store norske namn står på plakatane: Hanne Krogh, Jenny Jenssen og Dag Spantell, Cecilia Vennersten, Gaute Ormåsen, Christian Ingebrigtsen og Bjørn Eidsvåg. Lokale band er klare til å gå på: Mamas Garden og Rubber & Soul.
Artikkelen held fram under annonsen.
I FLEIRE kommunar set kor og korps inn støyten og inviterer til konsertar med variert program – frå Händels Messias til tradisjonelle julesongar og allsong. Kulturskulane byr på adventskonsertar, julespel og juleframsyningar, og i Hol blir det sett opp ein familiemusikal der både barn, ungdom og vaksne deltek.
ØNSKJER EIN å høyre julemusikk frå Hallingdal, kan konserten med Margit Myhr, Erlend Apneseth og Anders Löfberg vere ein særleg godbit når julaftan nærmar seg. Dei tre folkemusikarane byr og på religiøse folketonar og eigne komposisjonar.
MED 25 ULIKE julerelaterte arrangement på plakaten i Hallingdal og Nore og Uvdal før 24. desember, er det gode sjansar for at nettopp du finn ei tilstelling som set deg i julestemning. Hallingdølen ønskjer deg ei god kulturell førjulstid.
Her er konsertoversikten:
Torsdag 20. november:
«Hanne og tre tenorer»
Hemsedal kyrkje
For andre år på rad inviterer Hanne Krogh og Hemsedalskoret til førjulskonsert.
Fredag 28. november:
«Lys i mørketida»
Artikkelen held fram under annonsen.
Uvdal kirke
Førjulskonsert med Jenny Jenssen og Dag Spantell. Barn frå bygda deltek.
Laurdag 29. november:
«Knut og Fjompenissen»
Gol samfunnshus
For tredje år på rad set Gol kulturskule opp julespelet om Knut og Fjompenissen der Julenissen forsøv seg og Knut må redde jula.
Sundag 30. november:
«Jul på Sundre»
Ål kulturhus
Ål kulturskule inviterer små og store til ei varm og glad forestilling. To framsyningar. Etterpå blir det tradisjonell julegrantenning på torget.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Knut og Fjompenissen»
Gol samfunnshus
For tredje år på rad set Gol kulturskule opp julespelet om Knut og Fjompenissen der julenissen forsøv seg og Knut må redde jula.
Fredag 5. desember:
«En annerledes jul»
Geilo kulturkyrkje
Gabriella gler seg ikkje til jul. Mamma er død og pappa slit med alkohol. Ho sender ei ønskjeliste til nissen, og både nissar og englar trer hjelpande til. Familiemusikal.
Laurdag 6. desember:
Anja Elena Viken
Leveld kyrkje
Artikkelen held fram under annonsen.
Solokonsert med plateaktuelle Anja Elena Viken som i denne perioden bur og arbeider på Leveld Kunstnartun.
«En annerledes jul»
Geilo kulturkyrkje
Gabriella gler seg ikkje til jul. Mamma er død og pappa slit med alkohol. Ho sender ei ønskjeliste til nissen, og både nissar og englar trer hjelpande til. Familiemusikal.
Sundag 7. desember:
Julekonsert
Ål kyrkje
Ål-koret byr på engelsk julemusikk samt ei stor avdeling med juleevangelietekstar frå Händels Messias.
«Syng med uss»
Artikkelen held fram under annonsen.
Gol bedehus
Triveleg allsang og julekonsert med Hallingdal Gospelkor.
Onsdag 10. desember:
Julekonsert
Nes kirke
Musikk for alle framfører julerepertoar i samarbeid med 7. klasse på Nes barneskole.
Torsdag 11. desember:
Adventskonsert
Herad kyrkje
Ved elevar og lærarar i Gol kulturskule.
Artikkelen held fram under annonsen.
Laurdag 13. desember:
Luciakonsert
Hol kyrkje
Kor i Høve, Skarvebarna og Hol og Geilo songkor opptrer.
Sundag 14. desember:
Syng jula inn
Skurdalskyrkja
Sokneprest Sveinung Hansen og organist Ludmilla Petrova leier an. Geilo og Hol songkor medverkar. Tradisjonelle julesongar og nokre soloinnslag.
Julekonsert
Nes kirke
Årleg julekonsert med lokale solistar, Nesbyen Hornmusikklag og spel av kantor Peter Rødel. Allsong med tradisjonelle julesongar.
Adventskonsert
Gol kyrkje
Bygdekonsert for lokale kor og musikarar frå Gol. Felles song av julesalmar. Organist Justin Vickery opptrer på soloorgel.
Julekonsert
Ål kyrkje
Ål Musikk-korps og Geilo Musikklag framfører kjende og kjære julemelodiar under leiing av Thor Olav Fjellhøi. Solist: Joseph Angyal.
Måndag 15. desember:
Julekonsert
Geilo kulturkyrkje
Ål Musikk-korps og Geilo Musikklag framfører kjende og kjære julemelodiar under leiing av Thor Olav Fjellhøi. Solist: Joseph Angyal.
Onsdag 17. desember:
Julekonsert
Geilo kulturkyrkje
Stemningsfull julekonsert med koret BRIS under leiing av Lars Inge Tverberg.
Laurdag 20. desember:
Julekonsert
Fryd Scene
Folkemusikarane Margit Myhr, Erlend Apneseth og Anders Löfberg byr på vakre julesongar frå Hallingdal, religiøse folketonar og eigne komposisjonar.
«Julenatt»
Nes kirke
Julekonsert med Cecilia Vennersten, Gaute Ormåsen og Christian Ingebrigtsen saman med musikarane Trond Lien og Frøydis Grorud.
Julekonsert
Torpo kyrkje
Trioen Mamas Garden speler sjølvskrivne og nye låtar, samt kjente og tradisjonelle julesongar.
Sundag 21. desember:
Julesongkveld
Flå kirke
Årleg julekonsert med lokale solistar og spel av kantor Peter Rødel. Allsong med tradisjonelle julesongar.
Julekonsert
Hemsedal kirke
Kulturskolekonsert.
«Bjørn Eidsvåg med band»
Geilo kulturkyrkje
Bjørn Eidsvåg framfører eit stort knippe folkekjære låtar i sitt sekstiande år.
Julekonsert Leveld kyrkje
Me syng jula inn. Kjente og nye julesalmar. Med kyrkjekoret Ål kantori og Audun Flaen (orgel og piano).
Rubber & Soul
På Hjørnet, Nesbyen
For tredje år på rad speler den akustiske trioen Rubber & Soul norske julesongar med eigen vri i tillegg til eigenlaga låtar og covermusikk.
«Til Betlehem»
Gol kyrkje
Julekonsert med Audun Haugeplass og Audun Moen med vener. Klassiske julesongar og countryjulelåter. 10-årsjubileum.