Tuva Fossum Walaker (19) har laga innsamlingsaksjon for Plan Norge i høve Verdsdagen for sosial rettferd.
Tuva Fossum Walaker (19) har laga innsamlingsaksjon for Plan Norge i høve Verdsdagen for sosial rettferd.

– Alt er betre enn ingenting

Stå opp ti minutt tidlegare enn vanleg, smør matpakke, og gi kantinepengane til eit godt føremål.

Det er oppmodinga frå Tuva Fossum Walaker (19) før Verdsdagen for sosial rettferd 20. februar. Ho har starta ein innsamlingsaksjon til inntekt for Plan Norge.

Gi kantinepengar

Til dagleg studerer golingen i Drammen, ved Høgskulen i Buskerud og Vestfold. Før jul let ho seg inspirere då ho såg TV2 sin Artistgalla på TV-skjermen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva er det eigentleg me som studentar kan bidra med? tenkte eg. På skulen har eg lagt merke til at veldig mange kjøper mykje mat til lunsj, og eg rekna litt på det. Viss tusen personar gir tjue kroner kvar, blir det pengar av det. Tjue kroner er ein lunsj, og ikkje det ein gong for mange. Dagen etter gallaen oppretta eg ein innsamlingsaksjon, og eg oppmodar no medstudentar og andre til å stå opp ti minutt før den 20. februar, smørje nistepakka me ofte ikkje gidd lage, og gi kantinepengane til Plan, seier Walaker.

Må iallfall prøve

19-åringen sitt engasjement vart tent då ho gjekk på barneskulen. Det var desember, og innhaldet i julekalenderen var noko heilt anna enn godteri.

– Ein dag låg det informasjon i kalenderen om eit barn i den Dominikanske Republikk som hadde blitt fadderbarnet vårt. Me sende brev og bilete i lang tid. I dag prøver eg å føre noko av det eg lærte vidare til broren min som berre er åtte. Det er viktig at me iallfall prøver å hjelpe dei som ikkje har det like bra som oss, seier Walaker.

Kan det hjelpe å gi 20 lunsjkroner til eit veldedig føremål? Ja, meiner Tuva Fossum Walaker. Gjer det 20. februar! oppmodar ho.
Kan det hjelpe å gi 20 lunsjkroner til eit veldedig føremål? Ja, meiner Tuva Fossum Walaker. Gjer det 20. februar! oppmodar ho.

Send ei ekstra melding

Ho håpar mange vil nytte 20. februar til ikkje berre å bidra til Plan sitt arbeid økonomisk, men også til å tenkje litt ekstra på personar rundt seg som dei set pris på.

– Det kan vere ein dag der ein verdset ting ein kanskje elles tek for gitt. Send ein ekstra melding til mamma og vis at du bryr deg.

19-åringen håpar tanken om å gjere litt kan føre til mykje. Ho har sett eit mål for innsamlinga på 50 000 kroner. Målet er å støtte Plan Norge i arbeidet mot barneekteskap, fattigdom og manglande rett til skulegang.

– Når ein snakkar om situasjonen i andre land, verker det ofte så fjernt at ein ikkje greier å setje seg inn i situasjonen. Men i staden for å tenkje at ein ikkje kan løyse alle verdsproblem og bli verande passiv, handlar det eigentleg berre om å bidra med det me kan. Alt er betre enn ingenting, seier Walaker.

Interesserte kan gå inn på www.plan-norge.no/innsamling/tuva.