– Alle dei fine folka kjem heim til jul
Det siste tiåret har holingane gått inn i julehøgtida med søt julemusikk i øyro og glitterstøv på netthinna.
Konserten «Julestemning under Skarvet» har blitt ein tradisjon som samlar songarar, musikarar, og eit stort publikum i Geilo samfunnshus siste laurdag før jul.
Slepte av seg eit gledessukk
Om det er tiande eller ellevte året, er det ingen som er heilt sikre på. Sunniva Fossly (26) er ei av dei som har kome ut av teljinga på kor mange år ho har vore med. Laurdag var ho ei av kring 15 solistar som stod på scenen. Før gav mikrofonen til neste solist, måtte ho sleppe av seg eit gledessukk:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er så god å møte att dei fine folka som kjem heim til jul, sa ho.
Årleg oppdatering
– Kva betyr konserten for deg?
– For meg er det noko med at me møter dei same folka år etter år. Me kunne sjølvsagt sett oss på ein kafe og prata, men eg synest det er ekstra flott at me skaper noko i lag. Me har berre fredag og laurdag på å øve inn programmet. Det er ulike band på ulike låtar, og mens nokre er opptekne av å øve, er det andre som har tid til å prate, bli oppdatert på skulegang, jobb og graviditetar, seier ho.
Møteplass
Fossly jobbar som turnuslege i Volda. Ho var ei av mange som «kom heim». Erlend Ranestad Eggen (36) er på si side bufast på Geilo. Men også han synest det er stas når folk kjem heim. – Det er ikkje farleg at folk reiser ut for å studere så lenge dei tek med seg musikaliteten heim att på juleferie, seier han.
– Konserten har endra seg med åra. Det eine er at kvaliteten har blitt betre, år for år. Det andre er at konserten har blitt ein tradisjon for heile bygda, ikkje berre for oss som står på scenen. Også for publikum har dette blitt ein møteplass for å treffe kjentfolk, seier han.