Henning Kvitnes (t.h.) og Poul Krebs.
Henning Kvitnes (t.h.) og Poul Krebs.

Akustisk trubadurkveld

Henning Kvitnes og Poul Krebs er ute på ny turné saman. Det blir nært og nedpå når dei kjem til Ål fredag.

«Evig eigast kun et dårleg rykte» og «Guttær» – haldensar Henning Kvitnes har gjennom eit langt artistliv mange kjende låtar på repertoaret. Nok tek han med seg musikarkollega Poul Krebs til Ål kulturhus der han inviterer til ein intim konsert, nær og nedpå.

Tett samarbeid

Kvitnes og danske Krebs har samarbeida sidan 1990. Ikkje berre har dei gjort mange live-opptredener saman, dei har også jobba jamleg i lag på ulike plater. Krebs er til dømes å høyre på låten «Vesterbro 88» frå Kvitnes sitt album frå 2012, «Ingen tid å miste». Songen «Sånne som oss» («Sådan nogen som os») som Krebs gjorde det stort med i Danmark midt på 90-talet, sende seinare også Kvitnes til topps på hitlistene her heime.

Artikkelen held fram under annonsen.

Akustisk

I Ål kulturhus fredag kveld spelar duoen akustisk. Dei rutinerte karane har nok av songar å velje frå – og også historier å krydre dei med. Det ligg an til å bli ein varm og lun konsert.