Aktivt Olav Sletto-år
Selskapet har lagt bak seg eit aktivt jubileumsår.
Den store jubileumsmarkeringa på 125-årsdagen er kommentert og takka for tidlegare. Det andre jubileumsprosjektet: ei ny og meir fleksibel nettside, er no gjennomført. Selskapet meiner med dette å ha erstatta ei statisk nettside med ei levande, interaktiv side som vil gjera det lettare å halda kontakten med alle Sletto-vener. Eva Almhjell, som til dagleg er web-redaktør i Vestfold fylkeskommune, er og ansvarleg redaktør for den nye nettsida vår, med Britt-Mari Sletto som medhjelpar. Du finn oss på adressa www.olavslettoselskapet.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Her vil du no finna oppdaterte opplysningar om arbeidet til Olav Sletto-selskapet, ikkje minst etter kvart om det nye, store prosjektet vårt: Nyutgjeving av stoff frå Per-bøkene som illustrert barnebok med tanke på nye lesargrupper.